Tilbygg Stordalshallen - organisering av dugnadsarbeidet framover

Vi har tidlegare synleggjort den enorme oppslutninga kring tilbygget ved Stordalshallen. No er vi altså klare med dugnadsfase 2 i dette prosjektet og i eige møte måndag kveld, vart detaljar gjennomgått og i tillegg kom ein inn på organiseringa av dugnadsarbeidet framover. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 29.01.2014
Fotograf: Hallgeir Hove
No er alt klart for dugnadsfase 2. Oppstart torsdag 23. januar. fotograf Hallgeir Hove

Det var gledeleg å registrere at så mange av dei som hadde sagt seg viljuge til å stille på som dugnadsleiarar, hadde høve til å møte i går kveld. I tillegg til dugnadsleiarane, var det også fleire andre på plass. Supert!

I møtet gav prosjektleiar Einar Lied og leiar for teknisk komite, Bård Hove, ei orientering om det som skulle skje framover og i fellesskap kom ein så fram til det ein såg på som ei god organisering.

Med utgangspunkt i at ein alt hadde fått på plass heile 14 dugnadsleiarar og totalt over 100 personar som kvar på sin måte ynskjer å bidra, delte ein inn i 6 dugnadslag. For ein del er det også mulig å jobbe på dagtid og dermed vert det 3 dugnadslag på dagtid og 3 dugnadslag på kveldstid. Kvart lag stiller til dugnad to dagar i slengen (dag el. kveld), slik ein oppnår bra kontinuitet.

Samstundes er også ei eiga oversikt over dei som vil stille opp og syte for litt matservering i pausane i ferd med å kome på plass.

Sjå vedlegga nedst på sida for meir om kven det er som utgjer dei seks dugnadslaga som skal i sving frå og med torsdag den 23. januar. Der kan du også lese fleire detaljar om korleis dette er tenkt utført.

For meir om prosjektet, viser ein til våre tidlegare reportasjar (der finn ein lenker til meir også på facebook)

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove