Fotograf: Bjørg Jacobsen
Noko av det første som måtte skje, var å få fjerna gjerde. Pensjonistane var gode å ha då og det har dei også vore sidan! fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange av dei tilsette ved ved Busengdal Transport m.fl., la ned ein formidabel innsats i samband med grunnarbeidt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Også fjerninga av utvendig reisverk, var ein krevjande jobb der mange var involvert fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
I skrivande stund har ein kome mykje, mykje lengre, takka vere ein strålande innsats av dei seks dugnadslaga som har vore i sving! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Heile vegen i dugnadsfase 2, har det vore matservering både på dagtid og kveldstid. Slik vert det også i den fasen vi startar opp med i morgon fotograf Hallgeir Hove

Tilbygg Stordalshallen - organsisering av dugnadsarbeidet f.o.m tysdag 18. februar

Når vi no skriv måndag 17. februar, kan ein sjå attende på ein formidabel dugnadsinnsats av mange. Det heile starta med ein suveren innsats i samband med grunnarbeidet, hausten 2013 og held fram med det ein kan kalle fase 2, der seks lag har gjennomført seks økter kvar i perioden frå 23. januar og fram t.o.m i dag. No er det sett opp ei organisering for perioden fram t.o.m 5. mars.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.02.2014

Når ein no har laga eit nytt oppsett, skal det ikkje vere det minste tvil om at ein er klar over at det enkelte dagar har vore litt for få som har stilt opp og at det dermed lett er blitt slik at dei som har teke på seg å vere dugnadsleiar er dei som har "drege lasset". Men som oftast er har oppmøtet vore særs bra, og i sum har dette medført at det er blitt utretta særs mykje i denne perioden frå 23. januar og fram til i dag.

I det nye oppsettet vert det ikkje lagt opp til færre økter på kvar av laga, sett i høve til den fasen vi no legg bak oss. Vidare har ein utvida kvar av laga med fleire namn. Ein har også peika på at det slett ikkje er meininga at dei som har teke på seg å vere dugnadsleiarar treng vere der kvar gong. I og med at det er to (enkelte stadar, tre) dugnadsleiarar på kvart lag, går det fint at ein avtalar seg i mellom, kven som stiller.

I og med at ein no også har fått stenderverk på plass, vi det i all hovudsak vere arbeidet med å få gipsplater på plass, som står for tur i den fasen vi går inn i no. Når også dette er på plass, ser ein føre seg at det vil kome arbeidsoppgåver som i langt mindre grad stiller slike krav til dugnadsleiing som det som har vore til no. Då vil ein også kunne sette på ytterlegare nye krefter, slik ein skal klare å kome i mål til sommaren med heile prosjektet. 

Det er enkelt og greitt imponerande det som er utretta så langt og dei mange som har stilt opp fortener stor ros for innsatsen. Då gløymer vi heller ikkje dei mange som har stilt opp og sytt for at dugnadslaga har fått servert nydeleg mat og dugnadskaffe.

Mykje av det som er blitt utretta er blitt dokumentert, slik at alle og ein kvar har hatt høve til å fylje med på prosessen. Dei mange som har meldt seg til å stille på for å få tilbygget på plass, men som kanskje enno ikkje har fått høve til å vere med, skal vite at det framleis vil vere stort behov for deira innsats framover. Ein kan melde seg til teneste, både i høve til den fasen som startar opp i morgon (for å utvide dugnadslaga ytterlegare) og om det også i denne perioden vert vanskeleg å få det til å passe, ligg det mykje godt arbeid og ventar også vidare framover.  

Med det suverene arbeidet som er utretta så langt, er det grunn til å håpe at dette også gir oss den motivasjonen som ligg i at det no heller ikkje er lenge før at vi kan ta i bruk orda til han som hadde desidert flest dugnadstimar då Stordalshallen vart bygd for over 17 år sidan. Den gongen sa Einar K Hove, i reportasje på NRK Møre og Romsdal, at det var det at ein "ser ti æn" , som gjorde at ein fann motivasjon til å klare å fullføre!

Nedanfor finn ein den nye organiseringa framover, der det no er inndelt i fem lag (to lag på dagtid og tre lag på kveldstid). I det eine oppsettet ser ein kven som er sett opp på dei fem laga og i det andre oppsettet, ser ein kva datoar dei ulike laga er sett opp. I dette oppsettet finn ein også kven det er som er sett opp til å lage til mat og kaffe.

Med dette er det å håpe og tru at vi skal kome eit nytt langt steg vidare og at vi etter denne fasen, rett og slett kan seie "at vi ser ti æn". 

For meir om dette suverene dugnadsprosjektet, viser ein til våre tidlegare reportasjar. Der har ein også synleggjort den flotte innsamlingsaksjonen til Stordal IL, etterkvart som gåvene har strøyma på. Det er no like før laget har klart å samle inn utrulege kr 500.000,- til prosjektet!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove