Fotograf: Britt Ingunn Maurstad - Storfjordnytt
Dei med flest dugnadstimar, samt leiaren i Stordal IL på scena fotograf Britt Ingunn Maurstad - Storfjordnytt
Fotograf: Britt Ingunn Maurstad - Storfjordnytt
Ordførar Charles Tøsse stod for den offisielle opninga fotograf Britt Ingunn Maurstad - Storfjordnytt
Fotograf: Hallgeir Hove
Godt over 400 på plass i idrettshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Tre av dei med desisdert flest dugnadstimar, frå høgre: Ole Magnar Øvrebust 115 timar, Alfred Johansen 102,5 timar og Jonas Falch 75,5! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Bård Hove (t.v.) med heile 122 dugnadstimar(!), var sentral i arbeidet med prosjekteringa og kontakta med entreprenørane. Her saman med Charles og Lars Petter i det som no er blitt flott dusjanlegg fotograf Hallgeir Hove

Tilbygget offisiellt opna

Det flotte tilbygget ved Stordalshallen vart offisiellt opna i samband med Årsfesten den 21. februar. Det var ordførar Charles Tøsse som stod for opninga. Til liks med tidlegare prosjekt, var det også denne gongen ein betydeleg dugnadsinnsats og som vanleg bidrog både privatpersonar og verksemder i stort mon i form av pengegåver. Spelemidlane til prosjektet utgjer kr 2.288.000,-.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.03.2015

I samband med opninga den 21. februar, fekk publikum også vere med på "ei reise" heilt frå då ei gruppe med pensjonistar reiv gjerdet måndag 26. august 2013, og fram t.o.m 7. mai 2014, då det arbeidet som skulle utførast på dugnad var unnagjort. Nærare 100 bilder vart då synt fram på storskjermen.

Etter at denne bildepresentasjonen var over, presenterte ordføraren vår ein del faktatall i høve prosjektet og det er ikkje til å legge skjul på at dette er imponerande greier.

Her nemner vi gjerne m.a. at:

- det er lagt ned 2.190 dugnadstimar!

- heile 93 personar har vore med på dugnadsarbeidet!

- verdien av dugnadsarbeidet åleine utgjer kr 1.080.500,-!

- Stordal IL fekk samla inn kr 500.000,- i form av gåver!

- Stordal IL ytte sjølve kr 200.000,- til prosjektet! 

Sjå eiga oversikt over dugnadsinnsatsen og gåvene, nedst på sida.

For å synleggjere ekstra den eineståande innsatsen som var lagt ned i samband med prosjektet, valgte ein å dele ut blomster til dei som hadde over 50 timar med dugnadsinnsats og sjølvsagt også leiaren i Stordal IL, Vigdis Hove Øie. Sjølvsagt burde langt fleire fått blomster for innsatsen sin, men skulle ein teke fram alle, ville nok rett og slett scena kollapse. Men takka frå ordføraren og den rungande applausen frå publikum, den gjekk til alle som hadde vore med på å realisere det flotte tilbygget. Eiga oversikt, både over dei som har lagt ned dugnadsinnsats og dei som har bidratt med pengegåver, finn du nedst på sida her. Desse oversiktene er alt komne i glas og rame og vil få sin sentrale plass på veggen i tilbygget vårt.

I samband med prosessen, oppretta vi eiga side på facebook slik at alle skulle kunne fylje med nærast dag for dag og sjølvsagt var dette også eit eigna verkemiddel for å nå ut med informasjon. Ein kikk innom sida, vil gje deg kjekke tilbakeblikk.

Utvidinga av Stordalshallen 2013/2014   (facebook)

Sjølvsagt vart det også ein del reportasjar på heimesida vår og:

Då er vi i gong!

Stordal IL samlar inn kr 500.000,-!

Framdrifta på tilbygget går etter planen!

God respons på gåvaksjonen til Stordal IL!

Passerer snart kr 400.000,-!

Stadig fleire melder seg!

Nye 60.000 på plass og dermed berre innspurten att!

Møte vedr vidar framdrift for dugnadsarbeidet

Tilbygg Stordalshallen - organisering av dugnadsarbeidet framover

Dugnadsarbeidet er i full gong og no manglar ein berre kr 30.000,-!

Stadig fleire melder seg!

Tilbygg Stordalshallen - organisering av dugnadsarbeidet f.o.m tysdag 18. februar (2014)

Innspurten startar opp på måndag

Stordal IL har samla inn kr 491.000,-!

No er det berre siste innspurten att!

Innspurten har starta!

Det flotte tilbygget på det næraste ferdig!

Då står det berre att å gratulere alle med det nye flotte tilbygget og ikkje minst å takke alle dei som var med på å bidra til at dette vart ein realitet! Heller ikkje dette prosjektet hadde det vore mulig å gjennomføre, utan dykkar innsats!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove