To talentfulle stordalsjenter med topplasseringar i England!

Lisa Vindsnes Arnes og Sanne de Vrieze - Klikk for stort bildeLisa Vindsnes Arnes og Sanne de Vrieze Alfred Nilsen Lisa Vindsnes Arnes (t.v.) og Sanne de Vrieze, har nyleg delteke på ein internasjonal musikk-konkurranse i Manchester. Jentene spelar til dagleg kornett og eufonium i Stordal skulekorps og går også på Stordal kulturskule. Det er Nick Ost som er instruktør og læremeister begge stadane og det var han som ga dei to, tilbod om å delta på Fodens Annual Solo & Quartet Contest. Når jentene endåtil kjem heim med to tredjeplassar, er det verkeleg grunn til å gratulere!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.11.2016

Det å oppleve slik suksess, i konkurranse mot ungdomar i alderen 12 til 16 år - og det når ein veit at deltakarane kjem frå fleire andre land - er ganske enkelt imponerande. I tillegg til at turen til England var både lærerik og inspirerande for dei sjølve, vil dette utvilsamt også kunne ha ein positiv verknad ved at jentene fekk vist at det korps og kulturskule held på med her i Stordal ikkje er til hinder for at ein kan nå toppen også i internasjonal samanheng. I tillegg til dei mange timane under leiing av Nick, er det nok ikkje fritt for at det vert ein heil del øving både i Hovslia og fram på Øvrebust.

Alfred Nilsen i Storfjordnytt har teke ein prat med dei to musikktalenta, etter at dei var vel heime frå England (PDF, 712 kB).

Dei to har også motteke gratulasjonar frå ordføraren vår

Vi nyttar høve til å gratulere med suveren innsats og ynskjer både dei og dei andre unge musikantane våre, lykke til vidare! 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove