Fotograf: Hallgeir Hove
Sara Lande Klokk viser kva som skal til for å score mange mål. Ni mål på tre kampar, er slett ikkje verst fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Blide jenter frå Volda og Hødd, etter at dei var ferdige med kampane sine fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Eitt av Spjelkavik IL sine to lag, saman med dommartrioen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Martine Arnestad Olsen (12 år) var ein av dei som imponerte med glimrande ferdigheiter på søndagen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
At fotballgruppa i Stordal IL er proffe også på å arrangere KM, er det liten tvil om fotograf Hallgeir Hove

Tommelen opp for KM i Futsal!

Denne helga har Stordal IL si fotballgruppa avvikla nok eit KM-arrangement i Stordalshallen og det er all grunn til å hevde at dette var vellukka. Det var jentene i 13-års klassa som møttest til dyst og vi kan trygt slå fast at nivået var særs høgt og ikkje minst både håper og trur vi at alle saman syntest det var stas å få vere med på KM i Stordal.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.11.2014

Gledeleg stor interesse og høgt ferdigheitsnivå!
At interessa for Futsal er stadig stigande, er det liten tvil om. Både dette og at jentefotballen verkeleg er på frammarsj på Sunnmøre, fekk vi til fulle bevist denne helga. Det vart rett og slett trangt om plassen på tribuna og ute på parketten fekk publikum sjå briliant spel både i angrep og i forsvar, flotte scoringar og supre redningar. Blant mange dyktige spelarar var der også dei som held eit imponerande høgt ferdigheitsnivå, trass sin unge alder.

Stordalsjentene gjorde det bra!
Etter å ha vunne tre av sine fire kampar, endå arrangørklubben sine jenter på ein delt 1. plass i si pulje. (kun målforskjellen skilte mellom Stordal og laga frå Aksla og Spjelkavik) Dermed får vi oppleve at også arrangørklubben er med, når A-sluttspelet går av stabelen nettopp i Stordalshallen i dagane frå 9. t.o.m 11. januar.

Supert arrangement!
På storskjermen i grendasalen kunne ein fylje med på Livescore og slik sette også sjekke korleis ein låg an i høve til vidare avansement, kven som hadde scora flest mål o.l. Livescore gjer elles at ein kan fylje meg på korleis det går uansett kvar ein held til, for den del. Her er dermed også lenke til alle detaljane frå KM i Stordalshallen. Etterkvar vart det cupfinale på skjermane, både i grendasalen og på flatskjermen i foajeen og stemninga var naturlegvis stor.

Grendasalen fungerte også som vanleg utmerket som kafe og no kunne gjestane våre for første gong også gå vidare frå grendasalen og til dei nye flotte garderobane som står ferdige. Også i høve til desse KM-arrangementa er det liten tvil i at denne auken i garderobekapasitet har vore viktig å få på plass.

I sekretariatet hadde dei full kontroll der resultat og målscorarar vart plotta inn etterkvart og der det vart spela musikk ved mål og med god speakerteneste heile vegen. Det var elles god stemning også både blant spelarar, trenarar/lagleiarar og publikum, gjennom heile arrangementet. Dette er sjølvsagt ekstra kjekt og vi trur at både innsatsen til arrangørane og dommarane (både utanfrå og arrangørklubben sine) var med og bidrog til nettopp dette.

Mange fleire bilder frå arrangementet
Om du har lyst til å sjå hundervis av bilder frå tidlegare års arrangement, samt frå futsalserien, som også vert arrangert her i Stordalshallen, anbefaler vi ein kikk på førehandsreportasjen vår.

For mange fleire bilder (176), både frå laurdagen og søndagen, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebook-side.

Fotballgruppa fortener nok ein gong ros for prikkfritt og bra gjennomført KM-arrangement og vi nyttar også høve til å takke dei mange som besøkte Stordalshallen denne helga, uansett om dei var i aksjon ute på parketten, eller var på plass for å få med seg det heile frå tribuneplass.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove