Hans Martin Gjedrem II
Hans Martin kan m.a. vise til pallplass i verdscupen i skiskyting!
Hans Martin Gjedrem
Her ser vi Gjedrem i kjent stil
Hans Martin Gjedrem III
NM-gull i motbakkeløp kan han også vise til!

Topputøvar Hans Martin Gjedrem med foredrag i morgon!

I morgon får vi besøk av skiskytaren Hans Martin Gjedrem. Han vil då halde foredrag der vi får høyre meir om korleis vegen var frå det å vere eit talent, til det å ende opp i verdstoppen i skiskyting.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.05.2012

Hans Martin Gjedrem har vakse opp i Valldal og den suksessen han har opplevd innan idretten er sjølvsagt ekstra kjekt å registrere av den grunn. Han har til fulle fått vist at det slett ikkje treng vere noko i vegen for at utøvarar frå mindre klubbar også kan lukkast og gå vegen heilt til verdstoppen.    

Gjedrem kan m.a. sjå attende på ein 3. plass på sprint i verdenscupen  i skiskyting, berre slått av Alexander Os (2. plass) og Raphaël Poirée (1. plass). Dette skjedde i Lahtis i Finland. Han har også hevda seg godt innan motbakkeløp, der han i 2009 tok gull også i denne disiplinen. I 2005 sprang han inn til bronse. og elles har han ei rad andre sigrar og rekordar rundt om, i denne disiplinen.

Når langrennsgruppa i Stordal IL no har fått Hans Martin til å kome hit og fortelje meir om karriera si, og vegen mot toppen, er det grunn til å tru at det er mange som ynskjer å få med seg det heile. Dette må vere midt i blinken for såvel trenarar, utøvarar og foreldre.

Foredraget får du altså med deg i Stordalshallen i morgon, torsdag 31. mai, og det startar kl 20.00.

Det vert servering av frukt og drikke. 

For ganske så nøyaktig eitt år sidan hadde vi også gleda av å ha Hans Martin på besøk. Då, i samband med ei av kretslaget (langrenn) sine samlingar her.

Les gjerne også meir om dei flotte regionssamlingane langrennsgruppa i Stordal IL arrangerer her, kvar haust.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove