Trenings- og øvingstidene etter nyttår er klare

God Helse - Leik og aktivitet for barn 2-5 år, oppstarta hausten 2011 - Klikk for stort bildeGod Helse - Leik og aktivitet for barn 2-5 år, oppstarta hausten 2011 Bjørg Jacobsen

Fristen for å melde tilbake vedr ynskje om trenings- og øvingstid i Stordalshallen etter nyttår, gjekk ut i går og dermed kan vi no presentere ei oversikt. Det er ikkje dei heilt store endringane, men både barneidretten og leik for dei yngste barna er på plass att no.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.01.2019

Den oversikta vi presenterer her, inneheld også opningstider for mange av dei andre tilboda innan kultur og idrett i kommunen vår. Heller ikkje der er det dei heilt store endringane og dermed kan vi gle oss over at det vi kan hevde er eit ganske så rikt og variert tilbod, totalt sett, vert vidareført.

I tillegg kjem dei mange tilboda ved skianlegga i kommunen og alt som elles skjer i regi av Øvre Stordal.

Her er nokre lenker:

Arena Overøye: http://www.arenaoveroye.no/

Øvre Stordal: https://www.ovrestordal.no/

Også på Stavsengfjellet er det for tida ypperlege forhold i lysløypa, med nypreppa løyper nærast kvar einaste dag. Hoppanlegg med, ikkje mindre enn fem bakkar frå 10 til 70 meter, finn ein som kjent også der.

Skisporet.no kan du fylje med kvar løypemaskina til Stordal Fjellservice befinn seg til ei kvar tid.

 

TRENINGAR/ØVINGAR SOM GÅR UT:

Vi minner også om at det for Stordalshallen sin del, vert arbeidd ut ei oversikt over treningar og øvingar som må vike, pga arrangement, besøk frå grupper utanfrå, eller anna. Slik oppdatert oversikt vil vere å finne same stad som oversikta over trenings- og øvingstidene. No er det sjølvsagt aldri kjekt å oppleve at ein mistar treningar/øvingar pga slikt, men samstundes håper ein at alle let seg glede over det enorme aktivitetsnivået ved Stordalshallen og at vi er førstevalet, når m.a. øvingshelgar, treningssamlingar o.l. skal gjennomførast. Ja, faktisk er det blitt slik at vi dessverre må seie nei til mange av dei som ynskjer å kome, nettopp fordi det alt er reservert til andre. For å halde seg oppdatert på kva treningar/øvingar som vert råka på pga slik utleige, er det viktig at ein også fyl med på dette. Sjå oversikta nedst på sida her! (denne blir oppdatert med jamne mellomrom, slik ein skal kjenne til dette god tid i førevegen)


VIKTIG Å SETTE SEG INN I INSTRUKSANE!

Ein vil igjen minne om at det er ekstra viktig at alle som får ansvar for aktivitetar ved Stordalshallen, set seg grundig inn i gjeldande instruksar. Dette ikkje minst utifrå sikkerheitsomsyn, men også fordi det skal vere kjekt å kome til Stordalshallen og ta denne i bruk. Legg merke til at dette er presisert ytterlegare også i sjølve søknadsskjemaet. Sjå instruks for bruken av Stordalshallen, som pdf (PDF, 56 kB).

Vi har, som kjent, også hatt brukarmøte, der vi i tillegg til å kome inn på sentrale moment i instruksen for bruk, også gjekk gjennom branninstruksen (PDF, 27 kB). Alt dette er det naturlegvis veldig viktig å sette seg nøye inn i, for den som er ansvarleg for dei ulike øvingane.

Her er oversikt over trenings- og øvingstidene vinteren 2019 (PDF, 97 kB)

Her er oversikt over treningar/øvingar som går ut (januar 2019) (PDF, 108 kB)

Her er oversikt over treningar/øvingar som går ut (februar/mars 2019) (PDF, 109 kB)

 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove