Fotograf: Hallgeir Hove
Fotball er desidert største aktiviteten i idrettshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Stordal Skulekorps og Stordal Hornmusikklag held fram med faste øvingar i grendasalen på tysdagskveldane fotograf Ruth Janne Vinje

Trenings- og øvingstidene vert fordelte no!

Alle som ynskjer faste trenings- og øvingstider ved Stordalshallen frå no og fram til nyttår, må få sendt inn ynskja sine snarast. Legg merke til at fristen for å søkje er sett til søndag den 16. august.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.08.2015

Dei fleste er klar over at trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen vert fordelte to gongar i året, nemleg på hausten (som no) og ved nyttårsskiftet. Ein kan difor ikkje gå utifrå at dei tidene ein har hatt tidlegare, vert gjeldande vidare. Likevel er ein naturleg nok oppteken av å få det til slik at øvingar som har vore på faste kveldar/tider, kan vidareførast på same viset også vidare. Ikkje minst fordi det er avgjerande viktig å få til ei best mulig fordeling av trenings- og øvingstidene, og for den del aktivitetstilboda elles. På det viset kan ein i størst mulig grad unngå kollisjonar mellom tilbod som er retta mot same aldersgruppene. I ei lita kommune som Stordal, og der tilboda er så mange og varierte, er dette naturlegvis umåteleg viktig.

Trenings- og øvingsaktiviteten i Stordalshallen er stor året rundt. Erfaringsmessig har det likevel synt seg at alle som ynskjer det, har fått plass. Melder ein inn behova før fristen, er det sjølvsagt lettare å få trenings- og/eller øvingstid, som passar.

I tillegg til dei aktivitetane som har vore faste dei siste åra, er det sjølvsagt veldig flott om nye kan kome til. Fotball er nok den aktiviteten som er mest utbreidd, men tidlegare har det t.d. vore faste økter med både bordtennis og tennis. Ein oppmodar difor også denne gongen alle som ynskjer å få i gong nye aktivitetar, til å ta kontakt med oss.

Nedst på sida her kan du laste ned eige søknadsskjema som skal nyttast når du melder inn ynskje om fast trenings- og/eller øvingstid.

I perioden fram til trenings- og øvingstidene er fordelte, må eventuelle treningar/øvingar avtalast særskilt. Men legg merke til at ein ikkje kan starte opp før måndag 17. august, pga at golva er ny-lakka!

FOTBALLEN DESIDERT STØRST
I idrettshallen er det fotball som har vore den desidert største aktiviteten, med fotballgruppa sine mange aldersbestemte lag i tillegg til seniorlag. Med unntak av nokre få andre aktivitetar, som t.d. leik for dei yngste, barneidretten og taekwon do, er det fotballtrening som har stått på timeplanen. Det har også vist seg at mange av desse laga, har sterke ynskje om treningstider til dei same tidene og på dei same dagane. Kva er då meir naturleg, enn at fotballgruppa sjølv kan stå for fordelinga av treningstidene, dei ulike laga i mellom? Denne hausten ynskjer ein å prøve ut nettopp dette, der tanken er at det er fotballgruppa sjølv, som har best føresetnad til å stå for fordelinga innad i gruppa. Det å unngå kollisjonar med dei andre aktivitetstilboda, er då sjølvsagt like viktig som tidlegare. Ein tenkjer då ikkje minst på aktivitetar som skulekorps, barnekor og barneidrett. 

Gruppene kan nytte samme skjema som tidlegare, der ein også kan skrive ned kvifor det er nettopp den aktuelle treningstida ein må ha. Men no ynskjer ein altså at fotballgruppa sjølv syter for å fordele tidene seg imellom. Skjema skal/kan altså sendast inn på same viset som tidlegare.

No er det sjølvsagt slik at det for mange, ikkje minst innan fotballen, framleis vil vere slik at aktiviteten vil skje utandørs i fleire veker framover. Men like fullt må dei som ynskjer treningstid innandørs etterkvart, nytte høve til å søkje no. Ventar ein til lengre utpå hausten, er det nemleg ikkje sikkert at det vil vere like lett å finne ledig treningstid.

TRENINGAR/ØVINGAR SOM AV OG TIL GÅR UT
Ein vil også i komande periode oppleve at enkelte faste treningar og øvingar må gå ut. Dette skuldast først og fremst at det er mange grupper utanfrå som ynskjer å besøkje Stordalshallen og ikkje minst dei mange flotte arrangementa her. Informasjon om faste treningar/øvingar som må gå ut, vil bli gjort kjent i form av eiga oversikt på heimesida. Oversikta over treningar/øvingar som vert råka (evt må gå ut) finn ein saman med oversikta over trenings- og øvingstidene.

IKKJE BRUKARMØTE DENNE HAUSTEN
Vi køyrer vidare med praksisen der dei obligatoriske brukarmøta vert avvikla annakvar haust. Sist haust vart slikt møte gjennomført og då med alle dei innkalla gruppene til stades. I tillegg til branninstruks og rutiner ved brann, samt instruksen for bruken av Stordalshallen generelt, vart det då også gjennomført ei brannøving. I og med at brukarmøte vart avvikla sist haust, vert det difor ikkje kalla inn til slikt møte denne gongen. I tillegg til brukarmøtet sist haust, har vi også nyleg gjennomført endå eit kurs i bruken av hjertestartaren vår.

VIKTIG Å SETTE SEG INN I INTRUKSANE!
Ein vil igjen minne om at det er ekstra viktig at alle som får ansvar for aktivitetar ved Stordalshallen, set seg grundig inn i gjeldande instruksar. Dette ikkje minst utifrå sikkerheitsomsyn, men også fordi det skal vere kjekt å kome til Stordalshallen og ta denne i bruk. Legg merke til at dette er presisert ytterlegare også i sjølve søknadsskjemaet. Sjå instruks for bruken av Stordalshallen, som pdf, nedst på sida.

Dei fleste av dykk har alt funne ut at Stordalshallen har eiga facebookside. Det nærmar seg no 700 personar som fyl oss på den måten. For alle desse vert det endå lettare å halde seg oppdatert på alt det som skjer.

Med dette vil ein på ny få ynskje alle velkomne til trening og øving i Stordalshallen.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove