Trenings- og øvingstider vinter 2017

Leikarringen for dei yngste held fram med øvingar i grendasalen også etter nyttår - Klikk for stort bildeLeikarringen for dei yngste held fram med øvingar i grendasalen også etter nyttår Britt Ingunn Maurstad SN

Når vi no med det aller første skal skifte ut kalenderen, med ein flunkande ny ein, er det på tide å presentere dei nye trenings- og øvingstidene. Det er ikkje dei heilt store endringane, men enkelte er det. Vi gler oss nok ein gong over dei mange flotte og særs varierte tilboda og ser fram til eit nytt og aktivitetsrikt år!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.03.2017

I tillegg til dei mange tilboda ein finn i oversikta over trenings - og øvingstidene, er vi no også inne i høgsesongen for det som skjer i dei mange anlegga for vinteridrett. Her oppmodar vi alle om å fylje med på nettsider og på facebooksider, for såvel opningstider som anna.

Arena Overøye/Stordal Alpinsenter

Stordal Fjellservice (løypekøyring i Overøye - Langsæterområdet)

 

Treningar som går ut
Det er framleis slik at det for Stordalshallen sin del, er ein del treningar og øvingar som må vike plass for arrangement og besøk utanfrå. Til liks med tidlegare år, presenterer vi dermed også ei eiga oversikt der dette kjem fram. Slik oversikt blir oppdatert fortløpande og det er sjølvsagt viktig at alle som har fast trenings - og/eller øvingstid i Stordalshallen, held seg oppdatert på dette. Ein vil etterkvart finne desse oversiktene presentert saman med oversikta over treningstidene.

 

 

Sjå oversikta over dei nye trenings - og øvingstidene som eigen pdf nedst på sida her.

Sjå også oversikt over treningar og øvingar som vert råka av arrangement o.l. der

 

Trenings - og øvingstider vinter 2017 (PDF, 350 kB)

Treningar og øvingar i Stordalshallen, som vert råka av arrangement o.l. - januar og februar 2017 (PDF, 628 kB)

Treningar og øvingar i Stordalshallen, som vert råka av arrangement o.l. - mars og april 2017 (PDF, 629 kB)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove