Fotograf: Elin Parr
Stordal Barnekor er godt i gong med øvingane sine ved Stordal Bedehus fotograf Elin Parr
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal Skulekorps har starte opp med øvingar att i grendasalen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Ved Stordal Bibliotek skjer det også mykje flott fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Hallgeir Hove
Etter kvart vil det bli stor fotballaktivitet også innandørs fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Også ved Stordal Ungdomsklubb og Stordal frivilligsentral er akitivtetane i full gong fotograf Bjørg Jacobsen

Trenings-, øvings- og opningstider, haust 2014

Då kan vi endeleg presentere ei ny oversikt over trenings-, øvings- og opningstidene rundt om på dei ulike kulturarenane i Stordal kommune. Dei nye trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen er også fordelte. Fristen for å søkje gjekk ut den 10. august, men også etter den tid er det kome inn mange søknadar og ein har etter beste evne prøvd å få med også dei. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.09.2014

Det ein med ein gong kan slå fast, er at aktivitetsnivået i kommunen vår - om mogleg - er større enn nokon gong. I tillegg til at det eine flotte arrangementet, etter det andre, går av stabelen, dukkar det opp stadig nye tilbod å vere med på. For å nemne eit par av dei nye, tek vi med at det i kveld vert starta opp dansekurs i regi av Ålesund Danseskole. I går starta Maria Holand Tøsse opp med eit flott kortilbod for damene og i tillegg er det også starta opp med taekwon-do i Stordalshallen.

Når det gjeld Stordalshallen sine trenings- og øvingstider, er det ikkje til å legge skjul på at det har vore ei utfordring i høve til å innfri alle sine ynskje. Dette fordi mange gjerne ynskjer å trene tidleg på kvelden (men ikkje for tidleg heller..) og også fordi mange ynskjer seg akkurat dei same dagane. Likevel er det å håpe at alle har fått tidspunkt som er "til å leve med". Legg elles også merke til at det framleis er tider/dagar der det er ledig plass i idrettshallen.

Sjå dei nye trenings- øvings- og opningstidene i si heilheit, som eigen pdf nedst på sida!


Enorm interesse for å besøkje Stordalshallen!

Vi minner også om at det for Stordalshallen sin del, vert arbeidd ut ei oversikt over treningar og øvingar som må vike, pga arrangement, besøk frå grupper utanfrå, eller anna. Slik oppdatert oversikt vil vere å finne same stad som oversikta over trenings- og øvingstidene. No er det sjølvsagt aldri kjekt å oppleve at ein mistar treningar/øvingar pga slikt, men samstundes håper ein at alle let seg glede over det enorme aktivitetsnivået ved Stordalshallen og at vi er førstevalet, når m.a. øvingshelgar, treningssamlingar o.l. skal gjennomførast. Ja, faktisk er det blitt slik at vi dessverre må seie nei til mange av dei som ynskjer å kome, nettopp fordi det alt er reservert til andre. For å halde seg oppdatert på kva treningar/øvingar som vert råka på pga slik utleige, er det viktig at ein også fyl med på dette. Sjå oversikta nedst på sida her! (denne blir oppdatert med jamne mellomrom, slik ein skal kjenne til dette god tid i førevegen)

Då er det klart for ein ny periode, fullspekka med aktivitet på ei rad ulike stadar og sjølvsagt er det all grunn til å halde fram med å nytte den vakre naturen rundt oss! Ein har inntrykk av at også interessa for friluftsliv verkeleg er på frammarsj!  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove