Fotograf: Bjørg Jacobsen
Leik og aktivitet for dei aller yngste eit av fleire nye tilbod den siste tida fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal Frivilligsentral driv særs godt. Her frå opninga i 2011 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Barnekoret er også godt i gong att med sine faste øvingar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Biblioteket er klar til å ta imot store og små med leselyst fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Åge Staurset
Musikkverkstaden er innbydande og også der er det klart for meir aktivitet fotograf Åge Staurset

Trenings-, øvings- og opningstider, hausten 2012

Endeleg kan vi presentere ei oversikt som syner mykje av dei tilboda ein kan vere med på innan kulturområdet. I denne oversikta finn ein også tidspunkta og kven som er kontaktpersonar for dei ulike tilboda. Dei nye trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen inngår også i dette.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.12.2012

Ser ein på oversikta, kan ein med rette hevde at det er eit rikt aktivitetstilbod i Stordal kommune.

I Stordalshallen er det mange som ynskjer treningstid også i den komande perioden og det er difor ei utfordring å makte å få det til slik at alle er 100% tilfreds med plasseringa av treningstidene sine. Men uansett er vi truleg ganske så godt stilt, samanlikna med dei fleste andre stadar.

Det er vidare kjekt å registrere at ein i fellesskap, også denne hausten har lukkast med å fordele tilboda utover, slik at ein unngår dei heilt store kollisjonane. Dermed kan den som ynskjer det, langt på veg, få med seg både korps- og korøving, barneidrett og treningstilbod elles, utan at dette kolliderer tidsmessig. Dette er sjølvsagt også heilt avgjerande, om ein skal klare å oppretthalde mangfaldet av tilbod også vidare framover.

Sjå lenke til oversikta over trenings-, øvings- og opningstidene, nedanfor.

I tillegg til desse faste aktivitetane, frå veke til veke, skjer det framleis også mykje anna. Mykje av dette vil du kunne finne i kulturkalenderen vår og elles i form av førehandsreportasjar både her og på andre heimesider.

Når det gjeld treningar/øvingar i Stordalshallen, vil ein del verte påverka av at det er stor aktivitet også elles der. Dette kan vere arrangement av ulikt slag, samt at Stordalshallen ofte har besøk av grupper utanfrå. Dermed vil ein del treningar/øvingar måtte gå ut. Nedenfor presenterer vi difor også ei oversikt over dette. For dei som har faste treningar/øvingar i Stordalshallen vil det vere lurt å halde seg oppdatert.

Då er det berre å ynskje alle saman lukke til med aktivitetane utover hausten.

Sjå gjerne også meir om arrangement framover, i kulturkalenderen vår.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove