Fotograf: Britt Ingunn Maurstad SN
Folkedansgruppa er klar til å starte opp att og som tidlegare er det på onsdagskveldande det skjer fotograf Britt Ingunn Maurstad SN
Fotograf: Hallgeir Hove
Ved Stordal bedehus er ein også i gong att, etter sommarpausen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Ved Stordal frivilligsentral og Stordal ungdomsklubb er aktivitetsnivået framleis like høgt fotograf Bjørg Jacobsen

Trenings-, øvings og opningstider, hausten 2016

Når vi no skriv 2. september, er det på sin plass å presentere ei oversikt over trenings-, øvings- og opningstidene rundt om i kommunen vår. No er det ikkje sikkkert at alt er med her, men uansett vil oversikta vår kunne vere til nytte. Det er naturlegvis først og fremst når det gjeld treningstidene i Stordalshallen ein finn dei største endringane.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.09.2016

Til liks med tidlegare, syner oversikta over trenings-, øvings- og opningstidene ei imponerande mengde med flotte aktivitetstilbod. I tillegg til det vi har fått med i oversikta, viser vi også til ei rad flotte heimesider, der ein finn endå meir.

Sjølvsagt høyrer det også med å vise til vår kulturkalender der ein del av dei mange arrangementa framover, også vert presentert.

Sjå oversikta over trenings- og øvingstidene som eigen pdf, nedst på sida.


Treningar/øvingar som går ut
Vi minner også om at det for Stordalshallen sin del, vert arbeidd ut ei oversikt over treningar og øvingar som må vike, pga arrangement, besøk frå grupper utanfrå, eller anna. Slik oppdatert oversikt vil vere å finne same stad som oversikta over trenings- og øvingstidene. No er det sjølvsagt aldri kjekt å oppleve at ein mistar treningar/øvingar pga slikt, men samstundes håper ein at alle let seg glede over det enorme aktivitetsnivået ved Stordalshallen og at vi er førstevalet, når m.a. øvingshelgar, treningssamlingar o.l. skal gjennomførast. Ja, faktisk er det blitt slik at vi dessverre må seie nei til mange av dei som ynskjer å kome, nettopp fordi det alt er reservert til andre. For å halde seg oppdatert på kva treningar/øvingar som vert råka på pga slik utleige, er det viktig at ein også fyl med på dette. Sjå oversikta nedst på sida her! (denne blir oppdatert med jamne mellomrom, slik ein skal kjenne til dette god tid i førevegen)

Brukarmøte
Alle brukargruppene ved Stordalshallen må stille med ein representant til eige brukarmøte der. No er det slik at dette brukarmøtet vert gjennomført annakvart år og i og med at sist brukarmøte vart gjennommført hausten 2014, vil det kome innkalling til nytt obligatorisk brukarmøte med det aller første.

Symjebassenget ved Stordal skule
Når det gjeld symjebassenget, vert det meldt at det etter planen vil bli opning der i veke 37. Så snart det då er avklara kven som vert badevakter o.l. vil ein då kome i gong att med familiebading der. Tidlegare har det også vore tilbod i regi av helselaget der, så det er berre å fylje med framover i høve til når det vert oppstart.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove