Trenings-, øvings- og opningstider, hausten 2017

Stordal skulekorps har fast øvingskveld i Stordalshallen. Merk at det no er på torsdagskveldane både dei og hornmusikken øver!  - Klikk for stort bildeStordal skulekorps har fast øvingskveld i Stordalshallen. Merk at det no er på torsdagskveldane både dei og hornmusikken øver! Bjørg Jacobsen

Det er på tide å presentere eit nytt oppsett, som omfattar mange av dei faste tilboda innan kulturfronten i Stordal kommune. I tillegg til det som står i denne, er det sjølvsagt også mykje anna som skjer. Då kan vi vise til eigen kulturkalender og til ei rad nettsider og sosiale media.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.10.2017

Vi har eit flott bibliotek, det er stas å besøkje (her frå Sommarles 2010) - Klikk for stort bildeVi har eit flott bibliotek, det er stas å besøkje (her frå Sommarles 2010) Bjørg Moltu Dametreff ved frivilligsentralen 4. nov 2010 Damene prøver kinosalen - Klikk for stort bildeDametreff ved frivilligsentralen 4. nov 2010 Damene prøver kinosalen Bjørg Jacobsen

Til liks med tidlegare, syner oversikta over trenings-, øvings- og opningstidene ei imponerande mengde med flotte aktivitetstilbod. I tillegg til det vi har fått med i oversikta, viser vi også til ei rad flotte heimesider, der ein finn endå meir.

Sjølvsagt høyrer det også med å vise til vår kulturkalender der ein del av dei mange arrangementa framover, også vert presentert.

Sjå oversikta over trenings- og øvingstidene som eigen pdf (PDF, 98 kB)


Treningar/øvingar som går ut
Vi minner også om at det for Stordalshallen sin del, vert arbeidd ut ei oversikt over treningar og øvingar som må vike, pga arrangement, besøk frå grupper utanfrå, eller anna. Slik oppdatert oversikt vil vere å finne same stad som oversikta over trenings- og øvingstidene. No er det sjølvsagt aldri kjekt å oppleve at ein mistar treningar/øvingar pga slikt, men samstundes håper ein at alle let seg glede over det enorme aktivitetsnivået ved Stordalshallen og at vi er førstevalet, når m.a. øvingshelgar, treningssamlingar o.l. skal gjennomførast. Ja, faktisk er det blitt slik at vi dessverre må seie nei til mange av dei som ynskjer å kome, nettopp fordi det alt er reservert til andre. For å halde seg oppdatert på kva treningar/øvingar som vert råka på pga slik utleige, er det viktig at ein også fyl med på dette. Sjå oversikta nedst på sida her! (denne blir oppdatert med jamne mellomrom, slik ein skal kjenne til dette god tid i førevegen)

 

Brukarmøte
Alle brukargruppene ved Stordalshallen må stille med ein representant til eige brukarmøte der. No er det slik at dette brukarmøtet vert gjennomført annakvart år og i og med at sist brukarmøte vart gjennommført hausten 2016, vil det ikkje bli kalla inn til obligatorisk brukarmøte denne hausten. Det betyr sjølvsagt ikkje at det ikkje er like viktig å forhalde seg til instruksane som er gjeldande. Vi oppmodar difor alle til å kikke på dei presiseringane som var tekne med i reportasjen frå førre brukarmøtet.

 

Symjebassenget ved Stordal skule

Når det gjeld symjebassenget, vert det meldt at det der vil vere opning rett etter haustferien. Det er no klart at det vert oppstart for Familiebading der, fredag den 20. oktober. Sjå eigen plakat (JPG, 32 kB). Tidlegare har det også vore tilbod i regi av helselaget der, så det er berre å fylje med framover i høve til kva ein får til.

 

 

 

 

Oversikt over treningar og/eller øvingar som må vike pga arrangement, besøk el.l. for oktober, november og desember 2017 (PDF, 109 kB)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove