Arena Overøye
Vi gler oss sjølvsagt til at snøen skal kome, både på Overøyg og på Stavsengfjellet
Fotograf: Bjørg Jacobsen
I Stordalshallen er det ei rad tilbod, både for liten og for stor fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Mental Helse Stordal
Mental Helse Stordal, har mange spanande aktivitetar å tilby fotograf Mental Helse Stordal
Fotograf: Hallgeir Hove
Ved Stordal Frivilligsentral har Bjørg Jacobsen (t.v.) fått på plass mykje (bilde frå opninga i 2011) fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ikkje berre Vidar Bøe, som let seg imponere over tilboda ved Stordal Treningsenter fotograf Hallgeir Hove

Trenings- øvings- og opningstider, vinter 2013

Ei ny oversikt over mange av dei flotte tilboda innan kulturfeltet, er no utarbeidd. Som vanleg vil ein i denne også finne informasjon om stad, tidspunkt og kontaktpersonar. Dei nye trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen er også ein del av denne oversikta.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.02.2013

Det er imponerande stor aktivitet i kommunen vår og det eine tilbodet, etter det andre, vert etablert. På ei rad ulike arenaer og lokalitetar, kan ein vere med på særs mykje. Gledeleg er det no også å kunne slå fast at Aktiv på dagtid er blitt ein realitet også her.

I skrivande stund let snøen og vinteren vente på seg, og difor er det enno ikkje noko aktivitet ved skianlegga våre. Men dette snur fort på våre kantar og då er nok eldsjelene ved alle desse anlegga, meir enn klare for å legge tilhøva best mulig til rette. Fyl difor med på nettsidene for å vite når det vert forhold til å starte opp.

I Stordalshallen er det mange som ynskjer treningstid også i den komande perioden og det er difor ei utfordring å makte å få det til slik at alle er 100% tilfreds med plasseringa av treningstidene sine. Men uansett er vi truleg ganske så godt stilt, samanlikna med dei fleste andre stadar (der enkelte ikkje får plass i det heile)  

Det er vidare kjekt å registrere at ein i fellesskap, langt på veg har lukkast med å fordele tilboda utover på ulike dagar og tider, slik at ein unngår dei heilt store kollisjonane. Dette er naturlegvis særs viktig i ei lita kommune som vår. Dermed kan dei aller fleste i stor grad få med seg både korps- og korøving, barneidrett og treningstilbod elles, utan at dette kolliderer tidsmessig. Dette er sjølvsagt også heilt avgjerande, om ein skal klare å oppretthalde mangfaldet av tilbod også vidare framover.

Sjå lenke til oversikta over trenings- øvings- og opningstidene, nedanfor.

I tillegg til desse faste aktivitetane, frå veke til veke, skjer det framleis også mykje anna. Mykje av dette vil du kunne finne i kulturkalenderen vår og elles i form av førehandsreportasjar både her og på andre heimesider. Kulturkalenderen finn du HER

Når det gjeld treningar/øvingar i Stordalshallen, vil ein del verte påverka av at det er stor aktivitet også elles der. Dette kan vere arrangement av ulikt slag, samt at Stordalshallen ofte har besøk av grupper utanfrå. Dermed vil ein del treningar/øvingar måtte gå ut. Nedenfor presenterer vi difor også ei oversikt over dette. For dei som har faste treningar/øvingar i Stordalshallen vil det vere lurt å halde seg oppdatert.

For meir om tilboda, viser ein til dei mange flotte heimesidene som er komne på plass

Vi minner igjen om at mange no også er å finne på facebook og dermed vil ein finn mykje nyttig og oppdatert info også der. Her er nokre av desse:

Stordalshallen

Stordal Frivillingsentral

Barnas kommune 

Stordal bibliotek

Ytste Skotet

Mental Helse Stordal

Då er det berre å ynskje alle saman lukke til med aktivitetane utover vinteren.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove