Trenings-, øvings- og opningstider, vinter 2014

Då kan vi endeleg presentere ei ny oversikt over trenings-, øvings- og opningstidene rundt om på dei ulike kulturarenane i Stordal kommune. Dei nye trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen er også fordelte, etter at fristen for å søkje gjekk ut den 23. desember 2013.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.03.2014
Fotograf: Hallgeir Hove
Det er mange som ynskjer treningstid også i idrettshallen og difor ei utfordring å gjere alle mest mogleg til lags fotograf Hallgeir Hove

Sjølv om vi i skrivande stund er i gong med januar månad, let dessverre snøen vente på seg. Dette gjer at det enno ikkje er den store aktiviteten ved dei mange skianlegga våre. Vi oppmodar difor alle til å halde seg oppdatert på nettsider og sosiale media, for å få informasjon om kva tid desse opnar og anna. Sjå lenker nedst på oversikta over trenings-, øvings- og opningstidene.

Når det gjeld Stordalshallen sine trenings- og øvingstider, er det ikkje til å legge skjul på at det har vore ei utfordring å få plass til alle som ynskjer det. Når ein likevel har lukkast med det, er det på det reine at langt frå alle har fått trenings- og/eller øvingstid akkurat til dei tidspunkta ein ynskte. Likevel er det å håpe at alle har fått tidspunkt som er "til å leve med". Takka vere velviljug innstilling frå m.a. linedancegruppa, har vi også lukkast å få plass til endå meir aktivitet i grendasalen. Når torsdagskveldane (frå 1800 til 2000) no vert den nye tida for linedance, kan dette også stå som døme på at ikkje alt er "same procedure", i høve til det som var tilfelle før jul. Sjå dei nye trenings- øvings- og opningstidene i si heilheit, som eigen pdf nedst på sida!

Vi minner også om at det for Stordalshallen sin del, vert arbeidd ut ei oversikt over treningar og øvingar som må vike, pga arrangement, besøk frå grupper utanfrå, eller anna. Slik oppdatert oversikt vil vere å finne same stad som oversikta over trenings- og øvingstidene. No er det sjølvsagt aldri kjekt å oppleve at ein mistar treningar/øvingar pga slikt, men samstundes håper ein at alle let seg glede over det enorme aktivitetsnivået ved Stordalshallen og at vi er førstevalet, når m.a. øvingshelgar, treningssamlingar o.l. skal gjennomførast. Sjå difor også denne oversikta nedst på sida her!

Då er det klart for ein ny periode, fullspekka med aktivitet på ei rad ulike stadar, og framleis er det all grunn til å nytte den vakre naturen rundt oss!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove