Fotograf: ITF Storfjord Taekwon-do klubb
ITF Storfjord Taekwon-do klubb er i gong att med treningane sine i Stordalshallen fotograf ITF Storfjord Taekwon-do klubb
Fotograf: Hallgeir Hove
BIG valley VOICES har fast øvingskveld ved frivilligsentralen på torsdagane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal Barnekor startar opp att sine øvingar på måndagane fotograf Hallgeir Hove

Trenings-, øvings- og opningtider, hausten 2015

Då har vi gleda av å presentere ei ny oversikt over trenings-, øvings- og opningstidene rundt om på dei ulike kulturarenane i Stordal kommune. Mange av trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen er også fordelte etter at søknadsfristen der gjekk ut den 16. august. Fleire grupper er alt klare til å ta denne i bruk att no, etter sommarpausen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.11.2015

Det ein med ein gong kan slå fast, er at aktivitetsnivået i kommunen vår - om mogleg - er større enn nokon gong. I tillegg til at det eine flotte arrangementet, etter det andre, går av stabelen, dukkar det opp stadig nye tilbod å vere med på. For å nemne eit par av dei nye, tek vi med at ein no kan vere med på badminton to kveldar i veka og det ser også ut til å bli ei eiga økt i veka med aktivitetar i hallen i regi av God Helse. Begge deler det vi så absolutt kan kalle for lavterskel fysisk aktivitet. Du treng t.d. ikkje vere proff badmintonspelar for å møte opp dei kveldane dette skjer. I fjor starta som kjent Maria Holand Tøsse opp med eit flott kortilbod for damene og dette vert sjølvsagt vidareført denne hausten. I tillegg vert også tilbodet med taekwon-do i Stordalshallen, vidareført.

Også denne hausten vil barneidrettsgruppa legge opp til bading og etter det vi kjenner til, skal det vere klart for å ta i bruk bassenget frå ca veke 37. Då vert det også familiebading på fredagskveldane.

Når det gjeld Stordalshallen sine trenings- og øvingstider, er det ikkje til å legge skjul på at det er ei utfordring i høve til å innfri alle sine ynskje. Dette fordi mange gjerne ynskjer å trene tidleg på kvelden (men ikkje for tidleg heller..) og også fordi mange ynskjer seg akkurat dei same dagane. Likevel er det å håpe at alle vil få tidspunkt som er "til å leve med". Legg elles også merke til at det framleis er tider/dagar der det er ledig plass i idrettshallen. Det som kjem inn av søknadar frå lag innan fotballgruppa utover hausten, må gruppa sjølve syte for fordelinga på utifrå ei totalvurdering.

Sjå dei nye trenings- øvings- og opningstidene, som eigen pdf nedst på sida!

NB! Legg merke til at det er dei som er oppdatert pr 3. november, som er dei gjeldande.

Enorm interesse for å besøkje Stordalshallen!


Vi minner også om at det for Stordalshallen sin del, vert arbeidd ut ei oversikt over treningar og øvingar som må vike, pga arrangement, besøk frå grupper utanfrå, eller anna. Slik oppdatert oversikt vil vere å finne same stad som oversikta over trenings- og øvingstidene. No er det sjølvsagt aldri kjekt å oppleve at ein mistar treningar/øvingar pga slikt, men samstundes håper ein at alle let seg glede over det enorme aktivitetsnivået ved Stordalshallen og at vi er førstevalet, når m.a. øvingshelgar, treningssamlingar o.l. skal gjennomførast. Ja, faktisk er det blitt slik at vi dessverre må seie nei til mange av dei som ynskjer å kome, nettopp fordi det alt er reservert til andre. For å halde seg oppdatert på kva treningar/øvingar som vert råka på pga slik utleige, er det viktig at ein også fyl med på dette. Sjå etterkvart oversikta nedst på sida her! (denne blir oppdatert med jamne mellomrom, slik ein skal kjenne til dette god tid i førevegen)

Då er det klart for ein ny periode, fullspekka med aktivitet på ei rad ulike stadar og sjølvsagt er det all grunn til å halde fram med å nytte den vakre naturen rundt oss! Det er liten tvil i at interessa for friluftsliv verkeleg er på frammarsj, noko som er ekstra gledeleg å registrere no i det som er utpeika som Friluftslivets År!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove