Fotograf: Hallgeir Hove
Denne gjengen var med på den 7, utgåva av Stordalshelga i langrenn, sist haust fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Linda Falch
Dyktige deltakarar og instruktørar under graderinga i Stordalshallen denne helga fotograf Linda Falch
Fotograf: Hallgeir Hove
På fredagen er det full rulle inne i Stordalshallen, når langrennsløparar frå heile fylket samlast fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Desse var med i 2013 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Pål Bjørn Øvrebust
..og desse i 2012 fotograf Pål Bjørn Øvrebust

Treningssamlingar, øvingshelgar og arrangement på løpande band!

Denne helga var det ITF Storfjorden Taekwon-do klubb, som hadde treningssamling og gradering. Til helga som kjem er det så duka for den 8. utgåva av Stordalshelga i langrenn (det er framleis mulig å melde seg på!) og slik held det fram også vidare framover. Ledige helgar finnast knapt og derfor oppmodar vi igjen alle om å ta kontakt med oss så tidleg som råd!  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.09.2015

For to helgar sidan hadde vi hyggeleg besøk heilt frå Herøy kommune, når Jøleik skulekorps gjennomførte øvingshelg her hjå oss. Vi har tidlegare laga reportasje om den supre gjengen frå Leikong i Herøy kommune.

Super treningshelg med Taekwon-do!
Denne helga var det altså Storfjord Taekwon-do klubb som gjennomførte treningshelg i Stordalshallen og også det særs vellukka etter tilbakemeldingane å dømme. På fredagskvelden og på laurdagen var det trenarkurs. Det er 12 deltakarar med på kurset, der heile 9 av desse kom frå Stordal. Alle med grønt belte kan ta slikt kurs og dette er også obligatorisk om du skal gå opp til svart belte.

Laurdag ettermiddag var det så klart for gradering og utover laurdagkvelden var det sosialt samvær. Då hadde endå fleire utøvarar kome til. Samlinga held fram også på søndagen med fleire gode treningsøkter.

Vi kjem attende med meir frå denne flotte samlinga med det første. Inntil då kan det kanskje vere kjekt å kikke på reportasjar frå tidlegare treningssamlingar med denne supre gjenge.

Stordalshelga i langrenn for 8. gong!
Til helga, nærare bestemt frå fredag 2. oktober til og med søndag 4. oktober, går den 8. utgåva av Stordalshelga i langrenn av stabelen. Dette er den største barmarkssamlinga i skikretsen, med rundt 70 deltakarar kvar gong. Deltakarane kjem frå heile fylket vårt og enkelte år er det også deltakarar med frå nabofylka. Det er langrennsgruppa i Stordal IL, som står som arrangør, der dei stiller både med eigne instruktørkrefter i tillegg til mange andre dyktige instruktørar.

For dei som evt ikkje har meldt seg på til den 8. utgåva av Stordalshelga i langrenn, kan vi meddele at det er mulig å gjere dette fram til og med torsdag.

I våre tidlegare reportasjar kjem det ganske så klart fram kor fantastiske desse samlingane er og vi oppmodar alle til å ta eit tilbakeblikk. Langrennsgruppa har også fått laga mange fine oppsumeringar ved hjelp av filmopptak og sjølvsagt finn de tusenvis av bilder!  

For påmelding viser vi også til eigen reportasje på Møre og Romsdal Skikrets si nettside!


Få ledige helgar
Helga etter Stordalssamlinga i langrenn, er førebels ei helg som kan bli ledig, men etter den tid og til langt ut på nyåret, skjer det noko stort sett kvar einaste helg. Vi kan t.d. nemne at ikkje mindre enn 8 skulekorps har vore i kontakt med oss berre denne hausten og dei fleste av dei har vi heldigvis fått plass til. Vi ser vidare fram til både StordalsTRØKK, hornmusikk-konsertar og mange andre flotte arrangement.  

Til alle dei som vurderer å legge opp til ei treningshelg, øvingshelg evt anna i Stordalshallen, blir vårt klare råd, som fyljer:

TA KONTAKT, GOD TID I FØREVEGEN!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove