Treningstidene dei første vekene i 2015

Etter at det har vore litt utfordrande å få dei nye treningstidene på plass, kan vi no orientere om at det for dei første vekene i 2015 vil bli så å seie identiske tider, som før jul. Den største endringa er at barneidrettsgruppa kjem inn med si økt på onsdagskveldane frå og med den 7. januar. Frå den 19. januar av vil det kome ein del fleire endringar.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.01.2015

Årsakene til at det har vist seg vere vanskeleg å få fordelt treningstidene denne gongen er fleire. Både det at ynskja om treningstid har auka samla sett , og at mange (dei fleste) er veldig låste til å trene frå rundt kl 18.00 (evt 18.30) til kl 19.00 (evt kl 19.30) er viktige årsaker. (den første årsaka nemnt her, er sjølvsagt positiv. Ein kunne derimot gjerne ynskt at gruppene kunne vere noko meir fleksible kva gjeld tidspunkt, men med så stor aktivitet samla sett, er ikkje dette alltid like enkelt)

I etterkant av møter innad fotballgruppa i går kveld, er det klart at fleire av laga der har bestemt seg for å starte opp med utetrening alt frå og med veke 4. Dette vil bidra til at det vert lettare å fordele tidene også i hallen, men samstundes vil det vere slik at det ikkje er mulig å trylle. Dersom det er to eller fleire lag som har eit sterkt ynskje om å trene frå kl 18.00 til kl 19.30 på måndagskveldane, er dette umulig å innfri. Det høyrer med å nemne at det også ser ut til å bli eit juniorlag på dameside og også dette laget vil kome med sine ynskjer om treningstid i hallen.

Barneidrettsgruppa kjem no inn på onsdagskveldane og då frå kl 17.00 til kl 19.00. Dette løyser vi ved å flytte treninga til J 12/J 13 fram til rett etter skuletid. (14.30 - 16.00) og så flyttar vi G 14 si trening slik at denne startar rett etter barneidretten, altså med oppstart kl 19.00. 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove