Fotograf: Hallgeir Hove
Fotballaga har fått fordelt treningstidene seg imellom fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Barnekoret er i full sving att på måndagane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Elin Vindsnes
Tysdagskveldane er fast øvingstid for skulekorpset vårt! fotograf Elin Vindsnes
Fotograf: EYOF2015ORG
Martine og dei andre langrennsløparane har faste treningskveldar på Stavsengfjellet fotograf EYOF2015ORG
Fotograf: Arena Overøye
Snøen er på plass ved Arena Overøye og sesongen er for lengst både sikra og forlenga!! fotograf Arena Overøye

Treningstidene er fordelte!

Etter at fotballgruppa fekk gjennomført møte sist veke, er det no klart når dei ulike fotballaga har treningstid inne i idrettshallen. I tillegg til desse tidene, presenterer vi no også ei ny totaloversikt over det meste ein kan vere med på innan kulturområdet i Stordal kommune.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.03.2016

Til liks med tidlegare, syner oversikta over trenings-, øvings- og opningstidene ei imponerande mengde med flotte aktivitetstilbod. I tillegg til det vi har fått med i oversikta, viser vi også til ei rad flotte heimesider, der ein finn endå meir. Nedst i oversikta vår, har vi lagt inn lenker til t.d. Arena Overøye og skisporet.no.

Sjølvsagt høyrer det også med å vise til vår kulturkalender der ein del av dei mange arrangementa framover, også vert presentert.

Sjå oversikta over trenings- og øvingstidene som eigen pdf, nedst på sida.

Treningar/øvingar som går ut
Vi minner også om at det for Stordalshallen sin del, vert arbeidd ut ei oversikt over treningar og øvingar som må vike, pga arrangement, besøk frå grupper utanfrå, eller anna. Slik oppdatert oversikt vil vere å finne same stad som oversikta over trenings- og øvingstidene. No er det sjølvsagt aldri kjekt å oppleve at ein mistar treningar/øvingar pga slikt, men samstundes håper ein at alle let seg glede over det enorme aktivitetsnivået ved Stordalshallen og at vi er førstevalet, når m.a. øvingshelgar, treningssamlingar o.l. skal gjennomførast. Ja, faktisk er det blitt slik at vi dessverre må seie nei til mange av dei som ynskjer å kome, nettopp fordi det alt er reservert til andre. For å halde seg oppdatert på kva treningar/øvingar som vert råka på pga slik utleige, er det viktig at ein også fyl med på dette. Sjå oversikta nedst på sida her! (denne blir oppdatert med jamne mellomrom, slik ein skal kjenne til dette god tid i førevegen)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove