Fotograf: Hallgeir Hove
Innbyrdes kamp, med dømming, resultattavle m.m. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Renate Olsen med t-skjorte frå Stordalshallen, etter kast på 90 km/t. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det var dyktige handballspelarar som var på plass i Stordalshallen denne helga. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ikkje noko å seie på tempoet, sjølv etter ei lang helg med mange økter. fotograf Hallgeir Hove

Trivdest i Stordalshallen.

Spjelkavik og Aksla samarbeider om 2. og 3. divisjonslaga sine på damesida. Denne helga gjennomførte om lag 35 spelarar ei særs vellukka samling i Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.09.2010

Det var sjølvsagt handball som stod i fokus, frå ankomsten på fredagskvelden og fram til heimreisa på søndagskvelden. I tillegg til dei mange og lange øktene inne i idrettshallen, vart det også brukt tid til å gjennomgå kampar på storskjermen i grendasalen.

I løpet av helga testa spelarane også ut skuddstyrken ved hjelp av skuddlaseren vår. Den som skaut aller hardast var Renate Olsen. Ho fekk lærkula opp i heile 90 km/t. Motstandarane til Spjelkavik/Aksla er herved advart! 

I tillegg til det reint sportslege har ei slik helg også mykje å seie for det sosiale og mykje tyder på at dei dyktige handballspelarane ikkje er mindre samansveisa etter opphaldet her.

Aage Christensen (kontaktperson for gruppa og hovudtrenar for laget i 2. divisjon) var klar på at Stordalshallen passa glimrande for slike treningssamlingar og at dei gjerne kunne tenke seg å kome attende ved eit seinare høve.

Vi nyttar høve til å takke for det hyggelege besøket og ynskjer samstundes lukke til med den komande sesongen. Etter det vi har grunn til å tru, vil dette samarbeidet verkeleg gje resultat. 

Vi håper å kome attende med fleire bilder frå samlinga, i vårt bildegalleri, med det aller første.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove