Fotograf: Ruth Janne Vinje
Stordal Skulekorps under leiing av Nick Ost fotograf Ruth Janne Vinje
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Dyktige aspirantar haustar applaus fotograf Ruth Janne Vinje
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Dyktig blåsegruppe fotograf Ruth Janne Vinje
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Josefine og Marie fekk femårs-medalje fotograf Ruth Janne Vinje

Triveleg vårkonsert og vellukka øvingshelg

Denne helga har Stordal Skulekorps hatt øvingshelg i Stordalshallen og den vart avrunda med flott vårkonsert på søndagskvelden. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.03.2015

I Stordal kommune er det eit rikt kulturliv og vi kan m.a. gle oss over dei mange flotte arrangementa som vert stelt i stand. Vi har nettopp laga reportasje om barnekoret si flotte påskevandring på måndag, og kvelden før var det altså triveleg korpskonsert i Stordalshallen. Ja, vi kan med rette hevde at det eine flotte arrangementet avløyser det andre.

Vårkonsertane til Stordal Skulekorps har også blitt ein super tradisjon og også denne gongen var Stordal Hornmusikklag med. På søndag hadde hornmusikken også forsterkningar frå Vatne Hornmusikk. Publikum vart også presenterte for dyktige aspirantar og i tillegg var det høgtidleg utdeling av medaljar. Josefine Dyrkorn Alne og Marie Larsen Stavseng, fekk begge medalje for å ha vore med i skulekorpset i fem år. 

Eige lotteri og suverent kakebord, var det sjølvsagt også denne gongen.

For mykje meir om Stordal Skulekorps og Stordal Hornmusikklag, viser vi mellom anna til reportasjen frå vårkonserten i fjor. Der finn du også lenker til ei rad andre reportasjar.

Takk til Ruth Janne Vinje, for flotte bilder frå den supre kvelden.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove