Fotograf: Hallgeir Hove
Denne supre gjeng frå Voldsdalen Skole var det som vitja oss fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Full konsentrasjon når dei 20 spørsmåla skulle besvarast fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det var mykje god skyting og her ser vi den eine gruppa vise fram resultatet fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ei av gruppene var nede på eit snitt på i overkant av eitt slag pr hol! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Presisjonskasting stod også på programmet fotograf Hallgeir Hove

Trivlege lærarar frå Volsdalen skole på besøk!

Sist fredag var ei gruppe på 21 lærarar frå Volsdalen skole på tur til Stordal. Det var Blåtind som var endestasjonen for denne sosiale turen, men før det hadde dei også fått tid til både rebusløp i Ålesund og ei økt med gruppekonkurransar i Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.05.2014

Den trivelege gjengen kom til Stordalshallen litt over kl fire og etter ei orientering om opplegget og ei lite omvisning, var gruppekonkurransen i gong.

Dei konkurrerte i fyljande øvingar: Miniatyrskyting, minigolf, presisjonskasting og quiz.
På skytebana var det Jostein Myrvang og Nils Jørgen Ringset som tok hand om instruksjonen og også der var det stor stemning, då det ikkje var alle som hadde så mykje skyteerfaring frå tidlegare og dermed oppstod det enkelte artige situasjonar. Men når alle omsider fekk sendt avgarde skota sine, var det ganskje så imponerande det dei fekk vist! Flinke var dei også i både minigolf, presisjonskast og quiz.

Etter ei økt på vel 1,5 timar var alle ferdige med alt og det var ein spent gjeng som fylde med når ein rekna seg fram til kva gruppe det var som hadde gått av med sigeren.

Det var nemleg liten tvil om gjengen gjekk inn i konkurransane med liv og lyst og det var stor stemning heile vegen. Vi føler oss også overtydd om at denne stemninga varte ved også vidare utover kvelden når Kristin og Peder ved Blåtind stod klare til å ta imot dei.

Det var ein super gjeng å ha å besøk og vi nyttar høve til å takke for at dei valgte å legge turen hit til oss. Kanskje dukkar dei opp att ved seinare høve og då også saman med elevar. I tilfelle vil dei vere hjarteleg velkomne!

Endå fleire bilder frå opplegget Volsdalen skole var med på, i eige galleri på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove