Logo - Tunnelteknikk AS
Logo - Tunnelteknikk AS
Fotograf: Tunnelteknikk AS
Harald Hove er dagleg leiar hjå Tunnelteknikk AS fotograf Tunnelteknikk AS

Tunnelteknikk AS også på plass!

Då kan vi på ny konstatere at all ledig reklameskiltplass i Stordalshallen er fyllt opp. Dei siste vekene er det mange verksemder som har nytta høve til å kome med, då vi fekk ledig plass. Det er naturlegvis særs gledeleg å registrere denne store interessa og no kan vi altså presentere vår nyaste samarbeidspartnar, nemleg Tunnelteknikk AS.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.10.2013

Det er ikkje noko lite selskap som no inngår samarbeidsavtale med Stordalshallen. Tunnelteknikk AS har nemleg om lag 70 ansatte og sit inne med ein betydeleg kompetanse innan vatn- og frostsikring av tunnelar og bergrom. Årevis med erfaring bidreg til å sikre kundane solide løysingar med god økonomi. Selskapet har også sentral godkjenning innan fleire fagområder.

I ei årrekkje har firmaet arbeidd med å utvikle nye hvelvløysingar, der hovudmålet har vore at desse skal bestå av materiale som ikkje er brennbart og som samstundes skal ha lang levetid.

Hjå Tunnelteknikk AS er det eit hovudmål at kontraktene skal leverast med rett kvalitet til avtalt tid.

Selskapet inngår i konsernet Implenia AS og har kontor og produksjonslokaler i Sula kommune.

På Tunnelteknikk AS si heimeside kan ein sjølvsagt få med seg mykje meir om selskapet, som verkeleg har ekspandert dei siste par åra.

Harald Hove er dagleg leiar hjå Tunnelteknikk AS og han når du slik:
Tlf: 70 19 99 13 / 911 07 087      E-post: h.hove@tunnelteknikk.no


Vi ynskjer Tunnelteknikk AS velkomen med på laget! 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove