Ubeskriveleg flott fylkesfestival!

Fylkesfestival av UKM 2018 - 1 - Klikk for stort bilde

Stordalssamfunnet har nok ein gong vist at det er fullt ut mulig å få utretta store ting, sjølv om ein ikkje tel meir enn rundt 1000 innbyggjarar. Sist helgs fylkesfestival vart gjennomført på strak arm og det prikkfritt - i lag med UKM M&R og Møre og Romsdal musikkråd - takka vere ein fabelaktig dugnadsinnsats. Vi likar å kalle oss sjølv ein dugnadskommune og berettigelsen er ikkje akkurat svekka etter dette. I tillegg tek vi også med den gode støtta frå lokalt næringsliv og den store velviljen knytt til å stille lokalitetar og personell til disposisjon. Det er også på sin plass å trekkje fram den jobben reiseleiarane utførte og ikkje minst innsatsen til dei som hadde ansvaret for lyd, lys og media generelt. I fellesskap var vi med på å skape noko vi verkeleg skal vere stolte av.

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.05.2018

Fylkesfestival av UKM 2018 - 2 - Klikk for stort bildeFylkesfestival av UKM 2018 - 2 Hallgeir Hove Fylkesfestival av UKM 2018 - 3 - Klikk for stort bildeFylkesfestival av UKM 2018 - 3 Fylkesfestival av UKM 2018 - 4 - Klikk for stort bildeFylkesfestival av UKM 2018 - 4 Hallgeir Hove Fylkesfestival av UKM 2018 - 5 - Klikk for stort bildeFylkesfestival av UKM 2018 - 5 Hallgeir Hove

Ein kunne sikkert skrive bok om det som skjedde i samband med fylkesfestivalen, men det skal vi ikkje gjere. Dei over eittusen bilda vi har lagt ut seier mykje, men i tillegg kan vi ta med nokre setningar til for å få synleggjort ein del av alt saman.

Vi snakkar altså om ein enorm frivillig innsats, der rundt 200 personar var med og for mange av desse var det ikkje snakk om ei økt på eit par timar for å seie det sånn. Ja, fleire var stort sett med heile helga, frå første opprigginga starta på torsdagen og til siste kolli var kom på bilen, natt til måndag. Hovudansvaret for å sette opp folk til alt av oppgåver som skulle utførast, ansvarleg for alt av matinnkjøp m.m.m, var det Bjørg Jacobsen som hadde og sjølv ikkje ei knekt arm sette den driftuge dama ut av spel. Til dagleg har Bjørg først og fremst med frivilligsentralen, ungdomsklubben og ungdomsrådet å gjere.

Det er verkeleg også på sin plass å rette ei stor takk til teknisk etat generelt og til utearbeidarane der spesielt. Stordal kommune stod som arrangør og her kan vi i høgste grad snakke om lagspel! 

Stordalshallen
Dette var staden der alle dei 6 sceneforestillingane vart arrangert. Berre for å gje eit lite inntrykk over kor stor denne produksjonen var, så nemner vi at det var innleigd lyd- og lysutstyr, der innkjøpsverdien av alt dette nok utgjorde heile kr 10 million! Berre vekta av alt saman - og det vart altså bert både inn og ut og ikkje minst rigga opp og ned - utgjorde rundt 15 tonn! Resultatet vart lyd og lys det rett og slett er umulig å beskrive! Ansvar for den scenetekniske produksjonen var det Molde Live AS som hadde og også dei var skikkeleg godt fornøgde, sitat: "Vi takker Møre og Romsdal Musikkråd for oppdraget og en spesiell takk til Stordal kommune for all hjelp!" Samla sett vart det faktisk også heile 200 sceneskift i løpet av helga!

Og ikkje minst: For ein ungdom Møre og Romsdal har då!

UKM er som nemnt altså ein stor produksjon og alt går m.a. også ut live på direkten. Dermed var heile hallen naturleg nok teken i bruk. På "kinorommet" hadde kamerafolket rigga seg til på skytebana var det lagt til rette for UKM-media. Grendasalen var omgjort til kafe og det var også vi der, sjølve innsleppet skjedde. I foajeen var det billettering og vaktrommet var omgjort til festivalkontor.

Under alle forestillingane, frå den første på fredagen - høgtidleg opna av fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen - var det 6 brannvakter på plass, som sytte for at det som hadde med brannsikkerheita også vart ivareteken på beste måte. Under opningsarrangementet fredagen ynskte ordførar Eva Hove alle dei gjestande velkomen og ynskte så vel arrangørar som deltakarar lykke til. I tillegg fekk publikum også sjå filmpresentasjonen som nokre elevar ved Stordal skule hadde hatt som eige prosjekt. Kjempeflott! 

Det var sett ut nærare 500 stolar og under fleire av forestillingane var så seie alle stolane opptekne. Så kunne ein kanskje ha håpt på at endå fleire frå Stordal og området rundt hadde funne vegen, men når rundt 200 av innbyggjarane her er funksjonerar, kan dei vanskeleg vere publikum samstundes.

Etter at alt på hovudscena inne i idrettshallen var over, held festen fram i grendasalen, der det var rigga til med Stordalshallen sitt lyd- og lysanlegg (ikkje fullt så stort) både på fredagen og på laurdagen. Det var konkurransar av ulikt slag og ikkje minst; meir song og musikk!

Matserveringa
Stordal skule er så å seie heilt ny, i alle fall den eine delen, og desse innbydande lokala danna ei flott rame kring dei mange måltida. Etter det vi kunne sjå gjekk serveringa veldig greit, utan dei alt for lange køene og maten som vart servert var førsteklasses. Avstanden frå Stordalshallen og til kantina ved Stordal skule er vel noko sånn som 50 meter og også dette bidrog naturlegvis til at det var veldig enkelt og greit å få seg mat. Gjengen som hadde ansvaret for maten under fylkesfestivalen, fortener også verkeleg mykje skryt.

Kunstutstillinga 
Dette var biblioteksjef Bjørg Moltu sitt ansvarsområde og det er verkeleg grunn til å applaudere det ho, saman med sine gode hjelparar, fekk på plass ved Stordal bedehus. Der var ikkje eit einaste kunstverk, som ikkje var behandla med den størse varsemd og kjærleik, for å seie det sånn, og det var definitivt ikkje tilfeldig korleis dei vart plasserte i utstillingslokala. Sjølv om Stordal bedehus ligg nokre hundre meter frå skulen og Stordalshallen, utgjorde ikkje dette noko problem og utstillinga var veldig godt besøkt gjennom heile helga.

Overnattinga
Folkehelsekoordinator Palma F Øvrebust hadde ansvaret for denne delen av arrangementet og vi har heller ikkje registrert noko form for misnøye, knytt til denne biten. Utfordringar knytt til overnattingsbehov som endra seg heilt inn til dei siste dagane i forkant og forsåvidt også i løpet av helga, tackla ho veldig godt og dei mange dag - og nattevaktene sytte for at alle som budde i Stordal denne helga hadde det både trygt og godt. I tillegg til på skulen, der dei fleste overnatta, vart også Andershaugen barnehage og dagsenterert ved Stordalstunet teke i bruk.

Verkstadar
På godt norsk, kalla "workshops", høyrer med under slike fylkesfestivalar. På gamle musikkrommet var det karate, på sløydsalen var det DJ-kurs, på datarommet yoga, på biblioteket sjakk, på bedehuset kunstverkstad, ved ungdomsklubben teaterverkstad og på frivillisentralen dansekurs. På UKM si nettside har dei lagt ut ein eigen filmsnutt som viser noko av alt dette og i våre galleri finn de også bilder frå dei alle.

 

Ein kunne, som nemnt ha skrive mykje, mykje meir om dette fantastiske arrangementet og ein kunne trekt fram enkeltpersonar her, som har bidratt i stort mon, men vi nøyer oss med dette og så viser vi til bilder og reportasjar både på våre sider og andre stadar.

Jau forresten, vi kan godt trekkje fram dei tre vi har samarbeid mest med i forkant og då faktisk eit heilt år i førevegen, nemleg då dei som har hovudansvaret for UKM i Møre og Romsdal. Vi tenkjer då på Else Marie Outzen, Joachim Orvik og Jonas Høgseth. Det er ikkje til å legge skjul på at vi måtte "gå fleire rundar med oss sjølve" før vi takka ja til invitasjonen frå dei om å ta på seg eit så enormt arrangement, men no i etterkant kan vi kanskje hevde at det trass alt gjekk godt og at ingen angrar på at vi valgte å gå for dette.


Vi har lagt ut 1 052 bilder i fire ulike galleri. Kjekt å sjå tilbake på.

Frå opprigginga i Stordalshallen på torsdagen (98 bilder)

Frå fredagen (208 bilder)

Frå laurdagen (608 bilder)

Frå søndagen (138 bilder)

 

På UKM Møre og Romsdal si nettside, finn du mykje meir!

Ikkje minst kan du sjå opp att alle sceneinnslaga!

Sunnmørsposten hadde også stort fokus på UKM-festivalen i Stordal

Sjå også eigen Smp-reportasje i etterkant (PDF, 3 MB)

I vår førehandsreportasje finn du også eigen førehandsreportasje, både i Sunnmørsposten og i Bygdebladet. I tillegg sjølvsagt mykje, mykje meir!

Vi gler oss sjølvsagt også til reportsjar frå den eventyrlege helga, både i Storfjordnytt, Bygdebladet og andre medieverksemder.

Og flerie flotte reportasjar vart det! Her er den i Storfjordnytt, lagt til noko seinare

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove