Fotograf: Hallgeir Hove
Avslutningsnummer der også Stordal Barnekor og Charis syng med fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal barnekor fekk æra av å opne konserten fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Prots (Per Oddvar Hildre) og Tricia Boutté strålte av energi fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Både dei dugnade songarane i Sunnivakoret og alle oss andre hadde ikkje vanskar med å late seg røre når desse to, saman med Mannskvartetten og Ytre Suløen framførte "Se så fin" fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Prots introduserer Sunnivakoret og Ytre Suløen fotograf Hallgeir Hove

Ubeskriveleg flott nyttårskonsert!

I forkant av nyttårskonserten i Stordalshallen på søndag, hadde ein gått ut med relativt klare garantiar om at dette verkeleg ville bli ei oppleving mest utan sidestykke. Alle som ein, av dei nærare 300 frammøtte, vil truleg vere samde i at det verkeleg også vart slik. Sunnivakoret med Prots i spissen, Ytre Suløen med solist Tricia Boutté, samt Stordal Barnekor, gav oss ei oppleving vi seint vil gløyme. At konserten får terningkast 6 både blant dei mange som nyttar sosiale media og elles, er så absolutt fortent! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.01.2014

Det vart tidleg klart at det kom til å verte folksamt i Stordalshallen denne søndags ettermiddagen. Alt ein og ein halv time før konserten skulle starte, byrja dei første bilane å dukke opp og når det var att omlag 5 minutt før konserten skulle starte, var alt av parkeringsplassar opptekne. Heldigvis var det laga til eit stort parkeringsområde på grusbana, i tillegg og det skulle vise seg at heile dette store området vart fyllt opp med bilar.

No var det også lagt opp til konsertkafe i grendasalen og denne opna ein time før konsertstart. I tillegg til at mange ynskte å få med seg den, var det nok mange som også kom tidleg, nettopp for å sikre seg plass på konserten. Det var sjuande klasse ved Stordal skule som hadde teke på seg både å stå for kafesalet og i tillegg alt av opp- og nedrigging i høve konserten. Dette løyste dei på utmerka måte! 

Ubeskriveleg flott konsert

Vi skal i stor grad overlate til andre å forsøke seg på å skildre det vi fekk oppleve frå scena, men enkelt og greit berre konkudere med at dette var ubeskriveleg flott. Det heile starta med Stordal Barnekor og Charis. For alle oss som så mange gongar har fått gleda av å oppleve dei i aksjon, veit vi kva dei står for. Når dei no i tillegg song i lag med Ytre Suløen, ja så kan ein kanskje tenkje seg kor flott dette let. Når så Sunnivakoret med sine nærare 80 songarar entra scena, vart dette ikkje berre eit mektig skue, men eit lybilde (om ein kan kalle  det det?) ein sjeldan eller aldri får oppleve. Det var nok ikkje få som fekk gåsehud då.

Det er Prots (Per Oddvar Hildre) som er dirigent og frontfigur i Sunnivakoret og han meistra sjølvsagt også programleiarrolla på utmerka måte. Berre det å få oppleve all den energien han utstrålte, der han fekk ut det aller ypperste frå dette fantastiske koret, var stort.

Prots hadde etterkvart også gleda av å introdusere solisten Tricia Boutté, og for ei stemme denne flotte dama, opprinneleg frå New Orelans hadde! Det var ikkje vanskeleg å skjøne at ho har vore med og sunge saman med verdskjente musikararar tidlegare nei. 

Ytre Suløen kan sjå attende på over 40 år i bransjen og sjølv om det naturleg nok har vore ei viss utskifting av mannskapet opp gjennom alle desse åra, leverer dei fremleis jassmusikk i verdsklasse. Når vi denne kvelden fekk oppleve dei, med Tricia som solist og med Sunnivakoret i tillegg, ja så vart det reint eventyrleg bra.

Som avslutning på konserten fekk vi oppleve Stordal Barnekor og Charis, synge saman med Ytre Suløen, Tricia Boutté og Sunnivakoret. I tillegg til at dette sjølvsagt vart ei stor oppleving for dei talentfulle borna og ungdomane i koret vårt, vart dette også utruleg flott for publikum. Og lat det ikkje vere det minste tvil, aktørane på scena fekk ein øyredøvande trampeklapp, som takk for det dei hadde gitt oss. Eit flott ekstranummer vart det også tid til, før Ytre Suløen måtte haste vidare for å rekke flyet som skulle ta dei vidare til nye konsertoppdrag. Sjølv om det sikkert tok litt tid før alle bilane kom seg opp til riksvegen og publikum kunne legge på heimveg, var dei nok samstemte i at dette verkeleg hadde vore ei oppleving ein seint vil gløyme!       

Våre gjestande gav elles uttrykk for at dei hadde hatt det fint under opphaldet i Stordal og dei var imponerte både over måten dei vart tekne imot på og ikkje minst let dei seg imponere over det Stordal Barnekor hadde å by på. Etter det vi forstod var det mange, både blant Sunnivakoret sine medlemmar og andre, som let seg røre av dei unge og talentfulle stordalingane under leiing av Ragnhild Fauske. Det er sjølvsagt heller ikkje til å legge skjul på at dei også var spente på om publikum ville finne vegen til Stordalshallen, ein stad der dei tidlegare ikkje har helde konsert før. Med den gode oppslutninga det vart, både i Stordalshallen og i Rauma Kulturhus (dagen før), er det all grunn til å tru at våre gjestar kan seie seg godt nøgde også med den biten.

For alle oss som fekk gleda av å oppleve slikt frå scena i Stordalshallen, er det eigentleg berre å håpe og tru at vi skal få høve til å få vere med på noko liknande ved seinare høve. Dette var berre heilt ubeskriveleg flott, enkelt og greitt!

Atle Hole, som skriv for Sunnmørsposten, var ein av dei som var på plass for å dekkje konserten og vi har fått løyve frå han til å ta med det han skreiv. Sjå reportasjen hans, som eigen pdf, nedst på sida. Vi gler oss også til å lese kva Bygdebladet og Storfjordnytt vil skrive om det heile. Truleg vil dei ikkje spare på superlativa dei heller.  

Sjå gjerne våre førehandsreportasjar for meir om dei vi fekk gleda av å oppleve denne søndagskvelden!

For fleire bilder får konserten, viser ein til eige galleri på Stordalshallen si facebookside.

På vegne av alle oss som fekk ta del i denne ubeskriveleg flotte konserten, rettar vi ei stor takk til alle som var i aksjon på scena! Tusen takk til Sunnivakoret, Prots, Tricia og Ytre Suløen, for at de valgte nettopp Stordalshallen som konsertarena denne gongen!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove