Ulsteinvik Skulekorps stortrivst i Stordalshallen!

Ulsteinvik Skulekorps feb 17 - Klikk for stort bildeUlsteinvik Skulekorps feb 17 Hallgeir Hove

Ulsteinvik Skulekorps besøkte Stordalshallen første gongen i november 2015. Opphaldet då ga tydelegvis meirsmak - som det heiter - og no kan dei sjå attende på nok ei vellukka øvingshelg her hjå oss. For vår del er det ei sann glede å ha besøk av ein slik super gjeng. Om lag 60 personar var på plass og tilbakmeldingane er udelt positive frå dei alle.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.02.2017

Ulsteinvik Skulekorps feb 17 - Klikk for stort bildeUlsteinvik Skulekorps feb 17 Hallgeir Hove Ulsteinvik Skulekorps feb 17 - Klikk for stort bildeUlsteinvik Skulekorps feb 17 Hallgeir Hove Ulsteinvik Skulekorps feb 17 - Klikk for stort bildeUlsteinvik Skulekorps feb 17 Hallgeir Hove Ulsteinvik Skulekorps feb 17 - Klikk for stort bildeUlsteinvik Skulekorps feb 17 Hallgeir Hove

Etter ankomsten fredagskvelden kl 18.15 - og etter ein kort "velkomsttale" i grendasalen - var det klart for første fellesøving.

Seinare på fredagskvelden kunne dei dugnade korpsmedlemmane - og dei mange vaksne som også var med - nyte, nysteikt pizza levert på døra av Magne ved Joker Stordal. Så var det tid for litt andre aktivitetar, anten det var TV-titting i foajeen, leik i idrettshallen, film på storskjermen i grendasalen, kortspeling eller kva det no var dei gjorde alle saman. Ja, rett og slett litt avslapping på flatsenga i idrettshallen var også greia for ein del.

Laurdagen var den store øvingsdagen og då slik at det var lagt opp til gruppeøvingar. Heile sju ulike grupper med kvar sine instruktørar, var i sving frå kl 10.00 til kl 16.00. Ulsteinvik Skulekorps har sjølvsagt eiga drilltropp og dei nytta seg av idrettshallen til sine øvingar, heile helga.     

Kl 16.30 var det så tid for å gjere noko anna enn berre å øve. Frå Stordal Skyttarlag, var Harry Tøsse og Lars Johan Nygård på plass og det er ingen tvil om at det var særs populært for både unge og eldre å få teste skuddferdigheitene sine ved hjelp av salonggevær på skytebana i Stordalshallen. I klatreveggen var Kjell Mulelid nok ein gong på plass i lag med Helga Øvrebust. Med seg hadde dei også; Sarah Ø Hjelmset, Vilde Lorgen Øvrebust, Emilie Sylte Hove og Ådne Nakken. Med så mange på plass der vart det naturlegvis også særs effektivt med mykje klatring på kort tid. Gjestane imponerte i veggen og viste at dei også meistrar anna enn å traktere eit instrument eller ein drillstav.  I tillegg til klatring og skyting, var det også høve til å halde på på team-track´n. Dette var veldig populært for mange og sjølv om dei held på i 2 timar, var det fleire som gjerne kunne helde på endå lengre. Skuddlaseren vart også flyttig nytta og her var det faktisk dei som verkeleg hadde kraft i skuddfoten sin. Når ein kan lese av 101 km/t på displayet, ja då er det klart at det må vere Hødd-spelarar (eller var det tidlegare Hødd-spelarar?) det er snakk om! Minigolfen var også populær og der kunne ein også vinne seg eiga jubileumsskjorte om ein klarte å ta alle dei fire hola på eitt slag kvar. Det var fleire som klarte nettopp det og stas å få seg flott skjorte. No vart dei ikkje tomhendte dei andre heller, i og med at samtlige av gjestane fekk med seg ein "jubileumsbuff".

Etter fellesbilde ca kl 18.30, ein snartur innom butikkane for ein del, kunne dei dyktige vaksne som var med på øvingshelga, by på endå meir godsaker frå kjøkkenet. Ikkje lenge etter at siste bit var fortært var det så klart for volleyball for mange og naturlegvis rett og slett vel fortent avslapping for atter andre.

Også på søndagen vart det mykje øving - og då felles i grendasalen - leia av den særs dyktige og engasjerte dirigenten deira. Vi fekk gleda av å høyre korpset i aksjon mot slutten av dagen og det skal ikkje vere noko som helst tvil i at dette korpset held særdeles høgt nivå ferdigheitsmessig. Når dei i tillegg kunne fortelje at dei høyrde merkbar framgong etter all øvinga på laurdagen, ja så er også det sjølvsagt topp å få høyre. Kva er vel betre enn at gjestane våre har hatt utbytte av helga og også i høve til det sosiale og aktivitetane elles, var det mange lovvord å høyre. Ikkje minst er det verkeleg på sin plass å takke dei som stilte opp i klatreveggen og på skytebana på laurdagskvelden. Dette var skikkeleg populært.

For vår del vil vi nytte høve til å takke ein eksemplarisk og dugande gjeng frå Ulsteinvik, for nok eit triveleg besøk. Så vil vi også ynskje dei alle lukke til med speling og drilling i tida framover! Det er mange som kan gle seg til å få oppleve Ulsteinvik Skulekorps i aksjon framover!

Sjå gjerne også reportasjen frå november 2015, då korpset var her sist

Sjå endå fleire bilder frå øvingshelga til Ulsteinvik Skulekorps, i eige galleri på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove