Fotograf: Hallgeir Hove
Jenny Sørås spelar og syng for dei mange som deltok på jubileumsfesten fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Maria Holand Tøsse gjorde framifrå jobb som programleiar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Blant dei mange som var på plass og hylla helselaget, var generalsekretæren for Nasjonalforeningen, Lisbeth Rugtvedt. Kjersti R Hjelle (t.v.) er nyvalt nestleiar i laget fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Lilly Anne Blindheim Rødal, frå fylkesstyret, var også på scena og hadde mykje godt å seie om både helselaget og den avtroppande leiaren fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det vanka også heider og velfortjent applaus til ein del av dei som hadde betydd ekstra mykje for helselaget sitt arbeid fotograf Hallgeir Hove

Umåteleg flott jubileumsfest!

Stordal Helselag sin jubileumsfest, laurdag 1. mars, var verkeleg ein 100 års jubilant verdig! Festen var tettpakka med flotte talar, overrekkjingar og kulturinnslag. Det var suveren programleiing og nydeleg mat. På toppen av det heile vart Kongens fortjenstmedalje delt ut til Johan Dyrkorn!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.03.2014

Ordførar Charles Tøsse hadde sjølvsagt også tidlegare vore på talarstolen og takka og gratulert helselaget med dagen, men då han entra talarstolen att heilt mot slutten av jubileumsfesten, var det noko anna han hadde på hjartet. Ordføraren kunne då nemleg avsløre at Johan Dyrkorn, var tildelt Kongens fortjenstmedalje og det var ein særs overraska og sjølvsagt veldig glad og rørt avtroppande leiar, som vart dekorert med medalje frå sjølvaste Kongen vår, denne laurdags ettermiddagen. 

No hugsar sikkert dei aller fleste at også Kristian Almås mottok denne utmerkinga i fjor og den gongen skreiv vi m.a. fyljande: Det seier ikkje så reint lite om kor høgt ei slik tildeling heng når det er nærare 100 år sidan sist nokon, med sitt virke i Stordal, er blitt tildelt Kongens fortenestemedalje! I 1917 mottok Johan Elias Knudsen Hove utmerkinga, medan Peter P. Hove mottok den i 1922. No er det altså to eldsjeler frå vår kommune som på kort tid har motteke medaljen. Les meir om Johan Dyrkorn og Kongens fortjenstmedalje i eigen reportasje.

Det var nettopp Johan Dyrkorn, som hadde æra av å ynskje alle velkomne til den fine jubileumsfesten i Stordalshallen sist laurdag. Han kunne gle seg over at det var særs mange som hadde møtt fram for å vere med på feiringa og ikkje minst at det var så mange også utanfrå, som var på plass for å gjere stas på jubilanten.

Dyrkorn ga ordet til Maria Holand Tøsse, som hadde fått oppdraget med å vere programleiar. At Maria er dyktig også i slike samanhengar, ja det visste vi frå før og også denne gongen sytte ho for å sy saman det heile på glimrande måte. Maria har også ei eiga evne til å få kontakt med publikum og å skape ei triveleg og fin atmosfære. Programleiaren var i utgangspunktet noko spent på korleis det skulle gå, med så mykje flott på programmet og med så mange som hadde ytra ynskje om å få overbringe helsingar til helselaget. Men også det takla ho på utmerka måte og med effektive hender i sving kva gjeld matserveringa, gjekk også dette veldig fint.

Dei første Maria hadde gleda av å ynskje velkomen på scena, var Tonika, som vanleg under leiing av dirigent Gunvor Tafjord. Men før Tonika song, nytta Solgunn Seljehaug høve til å overrekkje gåve til jubilanten, på vegne av koret. Det var nyvalgt nestleiar i helselaget, Kjersti Ruset Hjelle, som tok imot. 

Etter at Tonika var ferdig med sin vakre song akkompagnert av Roger Lillebø på piano, kunne Maria annonsere at det var på tide med å få i seg litt mat. Ikkje minst med tanke på at det etterkvart også vanka flotte jubileumskaker på festlyden, var det lurt å ete såpass tidleg. Dermed ville maten få tid til å synke, før ein seinare skulle kose seg med kaffe og kaker. Det var Nilsgardstunet som stod for maten og koldtbordet smakte fortreffeleg.

Neste på lista over dei som ville kome med helsingar til jubilanten, var ordførar Charles Tøsse. Han var m.a. inne på at Stordal Helselag har vore, og framleis er, ein bauta i lokalsamfunnet vårt. Så var det generalsekretæren for Nasjonalforeningen, Lisbeth Rugtvedt, sin tur til å rose helselaget for sin enorme innsats gjennom alle desse 100 åra. Ho var m.a. inne på at Stordal kommune er særs heldige, som har eit slikt aktivt lag og trekte ekstra fram fleire av dei områda helselaget her har engasjert seg i. Ho skrytte også av det flotte jubileumsskriftet som helselaget har fått gitt ut og som verkeleg også fekk synleggjort den store innsatsen til laget. Sjå jubileumsskriftet, som eigen pdf, nedst på sida. Lilly Anne Blindheim Rødal, frå fylkesstyret, var også på scena og hadde mykje godt å seie om arbeidet til Stordal Helselag. Ho ville ha fram avtroppande leiar, Johan Dyrkorn, til å motta gåva og viste til at ho hadde hatt eit ekstra nært og godt samarbeid med han i mange år. 

Etter mange flotte ord, var det på tide med nye kulturinnslag og no var det Jenny Sørås, som stod for vakker song og pianospel. Så var turen komen til helselaga frå nabobygdene rundt Stordal og felles for dei alle var det at dei sette stor pris på det gode samarbeidet som er etablert, eit samarbeid dei gjerne ser kan halde fram også i åra som kjem.

Eit anna lag, som har betydd umåteleg mykje for Stordalssamfunnet - og som berre er fire år yngre enn helselaget - er Stordal IL. Leiaren for laget, Vigdis Hove, var naturlegvis på plass og heidra jubilanten. Ho var, som så mange andre, m.a. inne på kor godt samarbeid ein har hatt med Stordal Helselag og rosa jubilanten for alt det den har fått utretta, også i nyare tid.

Ei som også var på scena og gratulerte denne kvelden, var Bodil Waldal. Ho er fotterapeut og har i mange år tilbydd sine tenester m.a. ved Stordalstunet. Ho var m.a. særs imponert over at Stordal Helselag i alle desse åra ha bidratt til at bebuarane der har fått gratis fotterapi. Gjennom framføring av dikt, fekk ho også formidla at det er viktig å vere på vakt i høve til dei farane som ser ut til å true velferdsordningar som har fungert godt i alle dei år. Ikkje minst kom ho inn på dette med nedlegginga av distriktssjukehus rundt om.

Mellom alle desse flotte helsingane til jubilanten, vart det altså også tid til å nyte flott jubileumskake og medan festlyden kosa seg med dei velsmakande kakene og kaffien sin, gjorde dei fire karane i G 4 seg klare på scena. Til liks med alle dei andre kulturelle innslaga, er også denne gjengen heimehøyrande i Stordal og dei er eit nytt døme på kor mange dyktige musikarar/songarar som fins i kommunen vår.

Stordal Helselag sjølve, hadde også ynskje om å gjere ekstra stas på nokre av dei mange som hadde betydd mykje - og lagt ned stor innsats - for helselaget. Blant desse var sjølvsagt også den avtroppande leiaren. Men det skulle altså vise seg å vanke meir heider og ære til han, då ordføraren altså kunne annonsere at Dyrkorn skulle få motta Kongens fortjenstmedalje.

Stordal Hornmusikklag og Stordal Helselag er også to lag som er nært knytt til kvarandre, der musikklaget m.a. har spela på alle helselagsbasarane. Stordal Hornmuskklag feira elles også som kjent 120 år i 2011, og kva var vel meir naturleg enn at det var nettopp dei som fekk æra av å runde av jubileumsfesten? Men før dirigent Nick Ost introduserte musikkstykka dei skulle framføre, nytta også leiaren for hornmusikken, Hilde Dyrkorn, høve til å overrekkje gåve til jubilanten.

Ein alldeles suveren jubileumsfest vart avslutta med at alle reiste seg og song med, når Stordal Hornmusikklag spela Stordalssongen.

GRATULERER MED 100 ÅRS JUBILEUMET, TIL STORDAL HELSELAG!

For fleire bilder frå Stordal Helselag sin jubileumsfest, viser ein til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje for meir om Stordal Helselag 

Sist, men ikkje minst, bør du få med deg det flotte jubileumsskriftet skrive av Kristian Almås!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove