Fotograf: Hallgeir Hove
Ungdom & Fritids pris 2013 til Storfjordgruppa! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Jarl Anders Hjelle og Adrian Nakken har motteke prisen og sjekken fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Jarl Anders og Adrian med flott presentasjon av prosjektet på Landstinget fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Storfjordnytt
Mats Rune Larsen var forhindra å delta på Landstinget. Her tek han imot Stordal kommune sitt kulturstipend fotograf Storfjordnytt

Ungdom & Fritid sin pris 2013 til Storfjordgruppa!

Då har vi endeleg gleda av å kunne gjere kjent at Storfjordgruppa, er tildelt Ungdom & Fritid sin pris 2013! Om nokon framleis skulle vere i tvil, var det altså dei som stod bak den eventyrlege musikal-suksessen We Will Rock You i 2012 og med dette kan vi også slå fast at bragden deira er blitt lagt merke til landet over.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.04.2013

Landstinget til Ungdom & Fritid vart denne helga avvikla på Vettre i Asker. Adrian Nakken, Jarl Anders Hjelle og Bjørg Jacobsen (koordinator for Stordal ungdomsråd) var invitert som gjestar for å motta prisen på vegne av Storfjordgruppa. Dei gjorde ein framifrå innsats, då dei frå talarstolen fekk høve til å presentere We Will Rock You - prosjektet for heile Landstinget. Sjå eige filmopptak frå utdelinga av prisen der ein m.a. også får høyre meir om begrunninga bak tildelinga. Mats Rune Larsen hadde sjølvsagt ynskt å vere til stades, men han er for tida på klassetur i Australia.

Fredag 22. mars, fekk Bjørg Jacobsen telefon om at Storfjordgruppa var kåra til vinnar av Ungdom & Fritids pris. I og med at vinnaren skulle vere hemmeleg til prisen vart annonsert på Landstinget, har det i "kulissane" vore hektisk aktivitet dei to siste vekene. Aller helst skulle heile Storfjordgruppa fått vere med til Asker, men det lot seg ikkje gjere. Dei to ungdomane takka for den flotte prisen, og sa at ei slik utmerking vil gje masse inspirasjon til å prøve seg på nye prosjekt seinare. Sjølve prisen er på kr 5.000 i tillegg til eit kunstverk laga i høve kunstkonkurransen til Ungdom & Fritid.

Nok ein gong kan vi slå fast at denne suksessen, eit initiativ som har samla ungdom på tvers av alder og kommunegrenser, har vekt oppsikt langt utanfor Storfjorden - no også på landsbasis.

Ungdom & Fritid er ei landsforening for fritidsklubbar og ungdomshus, der Stordal ungdomsklubb er medlem. Dei deler kvart år ut pris til ein klubb, krets eller ildsjel som har utmerka seg på ein spesiell måte og denne gongen var ikkje juryen i tvil om at Storfjordgruppa skulle få prisen.

Det var Stordal ungdomsråd som foreslo å nominere Storfjordgruppa. Eige nominasjonsbrev, i tilleg til eit eksemplar av DVD'en frå førestillinga på Parken Kulturhus, samt to Barnas kommune magasin, der We will rock you var presentert, vart sendt inn.

Sjå både nominasjonsbrevet frå Stordal ungdomsklubb og pressemeldinga frå Ungdom & Fritid, som pdf nedst på sida.

Sjå nettsida til Ungom & Fritid for meir!!


Stordal kommune gratulerer Storfjordgruppa med Ungdom & Fritid sin pris 2013!

Vi har naturlegvis via Storfjordgruppa og musikalsuksessen mykje plass i tidlegare reportasjar og vi oppmodar gjerne om at de tek eit tilbakeblikk på dette. I reportasjen Storfjordgruppa rocka Parken Kulturhus! finn du lenker til fleire andre reportasjar, både på våre nettsider og andre stadar.

Les meir om prosjektet også i dei to siste utgåvene av Barnas kommune sitt magasin.

Mats Rune Larsen tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend for 2012 

Meir om tildelinga av kulturstipendet under Årsfesten

Om du ikkje har sikra deg den flotte DVD´n om We Will Rock You, er det framleis nokre eksemplar att.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove