Utfordringar i høve treningstidene i idrettshallen

Denne hausten har ein opplevd ein endå større pågong frå grupper som ynskjer faste treningstider i idrettshallen enn tidlegare år. No er det rett nok slik at fleire av dei som ynskjer treningstid, kjem "på bana" først fleire veker etter søknadsfristen, men uansett er dette noko vi bør freiste finne løysing på slik alle grupper kan få plass. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.10.2014
Fotograf: Hallgeir Hove
Interessa for fotball er stadig aukande. Dette er sjølvsagt kjekt, men det skaper også utfordringar i høve til fordeling av treningstidene i idrettshallen fotograf Hallgeir Hove

Framleis er det nok slik at vi her i Stordal er betre stilt enn dei fleste andre stadar, også når det gjeld tilgong til idrettshall, men vi opplever likevel ein stadig auka pågong for å få treningstid.

Kva kan vi så gjere?

Det som synest opplagt, er iallefall at alle MÅ bli flinkare til å passe på å få sendt inn søknad om treningstid. Dette burde ikkje vere vanskeleg. I alle år, har det vore slik at treningstidene vert fordelte to gongar i året. Den første fordelinga tek utg.pkt i perioden frå 1. januar og fram til sommaren, medan den andre fordelinga omhandlar perioden frå august og fram til jul.

Det neste som synest opplagt, er at dei idrettane som er dominerande når det gjeld den totale bruken av idrettshallen, må kome fram til retningsliner i høve til undergruppene sine. For tida er det fotballen som legg beslag på ein forholdsvis stor del av treningstidene i idrettshallen og dermed er det nok betimeleg at fotballgruppa tek dette opp til vurdering. Det ein då truleg ikkje minst bør sjå etter, er muligheitene for at fleire årsklasser kan trene saman, at dei eldste (også innan aldersbestemt fotball) må finne seg i å ha treningstid noko seinare på kvelden enn dei aller yngste, osv.

Som nemnt er det mange ynskjer frå grupper som førebels ikkje har fått treningstid, eller som rett og slett har fått treningstid som er for dårleg (går både på tidspunkt og plass til rådigheit), denne hausten. Det må bli fotballgruppa sjølv, som i ein slik situasjon må vurdere korleis dette kan løysast, kva gjeld resten av denne hausten. Fotballgruppa, og sjølvsagt underteikna, har eit ansvar for at andre grupper som ynskjer treningstid i idrettshallen ikkje skal oppleve det som nærast umogleg å kome til. Kanskje kan ei løysing vere at dei som har fått to treningar i veka, kan køyre den eine av desse i lag med ei anna årsklasse og dermed frigjere treningstid på den måten?

Framleis må det elles vere slik at vi legg opp til treningstider totalt sett, som bidreg til at det skal vere mulig å ha eit skulekorps, ei barneidrettsgruppe og eit barnekor i Stordal.  

Det er naturlegvis særs gledeleg at interessa er så stor i høve til å få treningstid i Stordalshallen og når vi konstaterer at denne er stadig aukande, vert det altså behov for at vi gjer det vi kan for at alle skal få plass. 

Les reportasjen frå august i år, der de også ser at det er eit eige søknadsskjema som skal nyttast når ein søkjer treningstid. Der vert det også peika på kor viktig det er at alle set opp ynskjer som gjer at alle kan få plass. Sitat: "Det er viktig at gruppene setter opp realistiske ønskjer, slik at alle får plass og at det vert stor aktivitet i dei tidene ein får tildelt. For å få plass til alle, er det og viktig at gruppene er minst mogleg «låste» til dagar og klokkeslett."

Sjå elles oversikta over treningstidene, slik dei er fordelte no. Gjennom god dialog innad i fotballgruppa, bør det vere mulig å finne plass til dei laga som no står utan treningstid.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove