Fotograf: Hallgeir Hove
Terningkast 2 skal representere Stordal med det flotte danseinnlaget sitt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Regine tok eit stilig bilde ut gjennom vinduet på ein bil i fart. På lerret vart det kjempestilig og no skal ho og bildet på fylkeskulturmønstring! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Denne spretne karen heiter Laurent Mupenda og i folk kan byrje gle seg til å få oppleve han i Aure kommune i midten av april fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jeanette Lien hadde laga ikkje mindre enn fem ulike objekt som ho stilte ut og kjempeflotte var dei alle saman! Til Aure tek ho med seg dette flotte maleriet fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Herdis Kamp gjorde ein flott figur under fylkeskulturmønstringa i Herøy kommune i fjor. No får ho høve til å imponere UKM-publikum igjen fotograf Hallgeir Hove

Uttaket klart!

Då kan vi avsløre kven som får høve til å representere Stordal kommune under fylkeskulturmønstringa i Aure kommune 15. - 17. april. Men før vi gjer det vil vi nytte høve til å gratulere og å takke, alle dei som var med på å gjere lokalmønstringa sist søndag til slik ei suveren oppleving!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.03.2016

Fylkesmønstringa av UKM, skal altså i år arrangerast i Aure kommune på Nordmøre, og vi føler oss trygg på at dette vert ei stor oppleving for deltakarane våre. Vi er også sikre på at dei som er peika ut til å representere Stordal kommune, kjem til å gjere dette på ein utmerka måte.  

Eigen jury som peikar ut
Under lokalmønstringa på søndag, vart juryen presentert for publikum og dei fekk også vel fortjent applaus for innsatsen sin. Det er nemleg ikkje nokon enkel jobb å skulle velje ut kven som bør få høve til å delta på fylkeskulturmønstringa. Som namnet tilseier, er dette først og fremst ei mønstring og ikkje ein konkurranse. Om ein då skulle vere av dei som ikkje får høve til å delta på fylkesmønstringa denne gongen, betyr det slett ikkje at det ikkje var bra nok det du bidrog med på søndag. Med tanke på responsen frå publikum og elles det vi observerte, kan samtlege vere kjempegodt nøgde med det dei leverte.

I tillegg til å peike ut kven som får høve til å gå vidare, skal juryen vidare gje kvar og ein av dei som har vore med, anten det no var på scena, eller med kunst, ei skrifteleg tilbakemelding. Det høyrer med å nemne at juryen var på plass lenge før publikum byrja dukke opp, slik dei kunne sturdere kunstutstillinga i fred og ro. Det vart vidare langt på kveld før jobben var unnagjort.

Vi nyttar difor igjen høve til å takke; Marianne Ravn Stavseng, Ann Karin Rudi og Mats Rune Larsen, for innsatsen.   

Men no er det på tide å presentere dei som får høve til å gå vidare!  

SCENE:

Laurent Mupenda (dans) "Hip hop mix"

Herdis Kamp (song) "Faded"

"Terningkast 2"
Paula L Skodjereite og Mariell H Busengdal 
(dans) "I´m an Albatroz"

Sinne Eisma (piano) "The heart asks pleasure first"
(det var dessverre ikkje plass til bilde av Sinne her, men det finn ein både i galleriet vårt og på UKM si nettside)

UTSTILLING:

Jeanette Lien (akvarellmaling) "Dame"

Regine Jacobsen Dyrkorn (foto trykt på lerret) "Winter Wonderland"

I tillegg er også Amalie Ekroll Hove vidare til fylkesmønstringa, etter at gruppa ho er vokalist i, Safehouse, gjekk vidare frå mønstringa i Ørskog kommune. For Amalie sin del, vert dette fjerde året på rad, ho er peika ut til å delta på fylkesmønstringa.    

Vi har lagt ut eit bildegalleri på facebook, som du kan sjå om du har lyst. Vi kjem elles tilbake med meir om sjølve lokalmønstringa. 

På UKM si nettside, kan de sjå oversikt over alle dei som skal delta på fylkesmønstringa

Sjå gjerne også våre førehandsreportasjer, med m.a. tilbakeblikk!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove