Fotograf: Hallgeir Hove
Mathilde Vinje Øvrebust er vidare med songen "Forget me", saman med Julie Olsen Almås (gitar) og Mass Peter Jelle (piano) fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jenny Sørås er vidare med songen "All by myself" fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Amalie Ekroll Hove er vidare med låta "Mercy" fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Emilie Sylte Hove er vidare med fotografiet "Dropen" fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Amalie Jacobsen Dyrkorn er vidare med fotografiet "Ein såft-is" fotograf Hallgeir Hove

Uttaket til fylkesmønstringa er klart!

Sist søndag fekk vi oppleve nok ei super lokalmønstring, der barn og unge verkeleg fekk vist fram kor flinke dei er. Det er som kjent også slik at nokre av desse også får høve til å delta på fylkesmønstringa og no kan vi presentere kven det er juryen meiner bør få delta der.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.02.2013

Nedanfor presenterer vi lista over dei som har gått vidare til fylkesmønstringa.

SCENE:

Mathilde Vinje Øvrebust, med songen "Forget me", saman med Julie Olsen Almås (gitar) og Mass Peter Jelle (piano)

Jenny Sørås, med songen "All by myself"

Amalie Ekroll Hove, med songen "Mercy"

UTSTILLING:

Emilie Sylte Hove, med fotografiet "Dropen"

Amalie Jacobsen Dyrkorn, med fotografiet "Ein såft-is"  

I reportasjen vår i går, peika vi på at juryen nok ikkje hadde hatt noko enkel oppgåve når dei skulle sette opp prioriteringa. Det var altså 10 sceneinnslag og 5 utstillingsobjekt med på mønstringa og i tillegg deltok også dei to programleiarane i kategorien konferansier. Når det no er plukka ut 3 sceneinnslag og 2 objekt frå utstillinga er dette også det maksimale som er lov å sende vidare frå ei kommune.

Juryen skulle nok gjerne sett at dei kunne sendt endå fleire vidare, då det var veldig mange særs bra prestasjonar og innslag. For dei mange som ikkje gjekk vidare er det viktig å ikkje tolke dette dit hen at dei ikkje var flinke nok. Noko av det juryen har lagt vekt på er m.a. dette med at dei som vert sendt vidare også skal gje eit bilde av kvaliteten, mangfaldet og breidda av kulturaktiviteten blant ungdomen. De skal også vite at de alle saman var med på å gje publikum ei særs flott oppleving og det er å håpe at deltakinga gav dykk lyst og motivasjon til å halde fram. Vi er stolte av dykk og gler oss til å få oppleve meir!

Ein viktig del av juryen sitt arbeid er også å gje kvar og ein av deltakarane ei vurdering/tilbakemelding på det dei deltok med. Denne vil deltakarane få, rett etter vinterferien.

Sjå eigen reportasje frå den flotte lokalmønstringa her


Fylkesmønstringa vert arrangert i Sunndal kommune, frå fredag 19. t.o.m søndag 21. april.

Vi gratulerer sjølvsagt deltakarane som har gått vidare og ynskjer dei lukke til!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove