Fotograf: Hallgeir Hove
"Jarm" er vidare med låta "DNA" fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Herdis Kamp skal delta med "Read all about it" fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Celina, Thea, Paula og Mariell får høve til å framføre dansen sin også under fylkeskulturmønstringa fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Eirin Renate Reite Wiik er ikkje berre ein dyktig programleiar. Denne teikninga av Miley Cyrus skal også til fylkesmønstringa fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Gunn Eli Hjelle sitt flotte dikt, kalla "London, ein storby" meinte juryen også burde vidare fotograf Hallgeir Hove

Uttaket til fylkesmønstringa er klart!

Då er det på tide å offentleggjere dei som får høve til å representere Stordal, under fylkeskulturmønstringa i Herøy kommune, 17. - 19. april.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.02.2015

Først skundar vi oss å vise til vår hovudreportasje frå den flotte kulturmønstringa på søndag, der vi slo fast at alle deltakarane gjorde suveren innsats. 

Slik sett er det absolutt ikkje grunn til å misunne juryen, for den biten av oppdraget deira.  

Med bakgrunn i det dei skal legge til grunn, når dei utfører oppdraget sitt, og at dei maksimalt kan sende vidare 3 sceneinnslag og 2 kunstobjekt, er dette dei som får høve til å vere med på fylkeskulturmønstringa frå Stordal kommune:

SCENEINNSLAG:

JARM - "DNA"
m/Amalie E Hove, Rebekka Helland, Mathilde V Øvrebust, Julie O Almås (alle vokal) og Trygve Walbø (gitar)

HERDIS KAMP - "Read all about it"

TIGERS - "Shake it off" (moderne dans)

KUNSTINNSLAG:

EIRIN RENATE REITE WIIK - "Miley Cyrus" (teikning)

GUNN ELI HJELLE - "London, ein storby" (dikt og foto)

I tillegg nemner vi at gruppa "Safehouse", som også deltok i Stordalshallen på søndag, alt var klar for deltaking på fylkeskulturmønstringa, etter at dei hadde gått vidare frå lokalmønstringa på Ørskog (sist helg) 

Vi gratulerer alle saman med uttaket og ynskjer lykke til på fylkeskulturmønstringa!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove