Fotograf: Hallgeir Hove
Amalie Ekroll Hove går vidare til fylkesmønstringa med songen "Make you feel my love" fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Gruppa "Jarm" går vidare med låta "Royals" fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Hanna og Jenny Sørås går vidare med songen "Another empty bottle" fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Rebekka Helland går vidare med fotografiet "Øyet" fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Eirin Renate Reite Wiik går vidare med teikninga "Eye" fotograf Hallgeir Hove

Uttaket til fylkesmønstringa klart

Sist søndag fekk vi oppleve nok ei super lokalmønstring, der barn og unge verkeleg fekk vist fram kor flinke dei er. Det er som kjent slik, at nokre av desse også får høve til å delta på fylkesmønstringa og no kan vi presentere kven det er juryen meiner bør få delta der.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.02.2014

Nedanfor presenterer vi lista over dei som har gått vidare til fylkesmønstringa.

SCENE:

Amalie Ekroll Hove
(16 år), med songen "Make you feel my love" (Tekst og melodi: Adele)

Gruppa "Jarm": Amalie Hove (16 år), Gabriel Arne Busengdal (15 år), Jesper Vos (15 år), Julie Olsen Almås (14 år), Magnus Grønningsæter (17 år), Mathilde Vinje Øvrebust (14 år) og Rebekka Helland (15 år), med songen "Royals" (Tekst og melodi: Lorde)

Hanna Sørås (14 år) og Jenny Sørås (16 år), med songen "Another empty bottle" (Tekst og melodi: Katy McAllister) 

VIDEO:

Margret Bara (15 år), med songen "Calling".

 
UTSTILLING:

Rebekka Helland (15 år), med fotografiet "Øyet".

Eirin Renate Reite Wiik (14 år), med teikninga "Eye".

Det høyrer også med å nemne at juryen hadde med Jenny Sørås (16 år) og Silje Titlestad (16 år), blant dei prioriterte sceneinnslaga. Men dei hadde alt gått vidare frå lokalmønstringa på Ørskog. Dei deltek med songen "Say something" (Tekst og melodi: Great big world og Christina Aguilera)

I reportasjen vår tidlegare denne veka, peika vi på at juryen nok ikkje hadde hatt noko enkel oppgåve når dei skulle sette opp prioriteringa. Det var altså heile 10 sceneinnslag, 1 musikkvideo og 4 utstillingsobjekt med på mønstringa frå Stordal kommune. I tillegg kom også dei tre sceneinnslaga og eitt kunstobjekt frå Norddal kommune. Når no 3 sceneinnslag, 1 musikkvideo og 2 objekt frå utstillinga, går vidare frå vår kommune, er dette også det maksimale av det kvar kommune kan sende vidare.

Juryen skulle nok gjerne sett at dei kunne sendt endå fleire vidare, då det var veldig mange særs bra prestasjonar og innslag. For dei mange som ikkje gjekk vidare er det viktig å ikkje tolke dette dit hen at dei ikkje var flinke nok. Noko av det juryen har lagt vekt på er m.a. dette med at dei som vert sendt vidare også skal gje eit bilde av kvaliteten, mangfaldet og breidda av kulturaktiviteten blant ungdomen. De skal også vite at de alle saman var med på å gje publikum ei særs flott oppleving og det er å håpe at deltakinga gav dykk lyst og motivasjon til å halde fram. Vi er stolte av dykk og gler oss til å få oppleve meir!

Ein viktig del av juryen sitt arbeid er også å gje kvar og ein av deltakarane ei vurdering/tilbakemelding på det dei deltok med. Denne vil deltakarane få tilsendt, så snart ein berre får høve til å sende ut.


Om du enno ikkje har fått med deg reportasjen frå den suverene lokalmønstringa, bør du ta ein kikk på den.


Fylkesmønstringa vert arrangert i Eide kommune (Eidehallen) frå fredag 28. mars t.o.m søndag 30. mars.


Vi gratulerer deltakarane som har gått vidare og ynskjer dei lukke til!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove