Vakker konsert med Stordal Hornmusikklag m/gjestar

Konsert med Stordal Hornmusikklag 22. april 2018 - Klikk for stort bildeKonsert med Stordal Hornmusikklag 22. april 2018 Bjørn Johnny Græsmo

Søndag den 22. april var det duka for ein ny super konsert i regi av Stordal Hornmusikklag. Denne gongen med Jenny Marita Sørås og Elias Hasle som songsolistar og med Solveig Maria og Josef Nedregård på piano. Som vanleg var det også eit nært samarbeid med skulekorpset og Vatne Hornmusikklag. Tema for den flotte konserten, der også Janet Roelofs var programleiar, var musikalar og filmmusikk.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.05.2018

Konsert med Stordal Hornmusikklag 22. april 2018 - Jenny Marita song rørande vakkert - Klikk for stort bildeKonsert med Stordal Hornmusikklag 22. april 2018 - Jenny Marita song rørande vakkert Bjørn Johnny Græsmo Konsert med Stordal Hornmusikklag 22. april 2018 - unge Josef er litt av eit talent på piano - Klikk for stort bildeKonsert med Stordal Hornmusikklag 22. april 2018 - unge Josef er litt av eit talent på piano Bjørn Johnny Græsmo Konsert med Stordal Hornmusikklag 22. april 2018 - Solveig Maria Nedregård var solist både på piano og med song og vakkert let det som alltid - Klikk for stort bildeKonsert med Stordal Hornmusikklag 22. april 2018 - Solveig Maria Nedregård var solist både på piano og med song og vakkert let det som alltid Bjørn Johnny Græsmo Konsert med Stordal Hornmusikklag 22. april 2018 - Klikk for stort bildeKonsert med Stordal Hornmusikklag 22. april 2018 Mathilde L Vinje, Storfjordnytt

Konserten denne søndagen var ei ny stadfesting på kor mykje imponerande bra lokalsamfunnet vårt kan levere, også når det kjem til song og musikk. At Solveig Maria Nedregård og Elias Hasle flytta til Dyrkorn i 2015, har ikkje akkurat vore med på å svekke dette. Når vi er så heldige at Jenny Marita Sørås, som studerer ved Musikkteaterskolen i Oslo, også stiller opp på konsertar som dette, ja då kan det berre bli bra. Så er det fort gjort å ta for gitt at vi har ein dirigent i ypperste verdensklasse. Det skal vi ikkje gjere og berre konstatere at det er vanskeleg å beskrive den betydninga Nick Ost har hatt for den utviklinga hornmusikken og skulekorpset, opplever.

Så gløymer vi heller ikkje lydmann Lasse Døving. Det har blitt eit nært og godt forhold mellom han og hornmusikken. Ja, ikkje berre det, men også i mange andre samanhengar der det er behov for lyd her og den godaste Lasse er vel snart for halvt stordaling å rekne. Vi reknar han iallefall gjerne for det.

Takk også for god hjelp i samband med fylkesfestivalen av UKM, der hornmusikkmedlemmar bidrog i høve til å få matter og stolar på plass og til å få rigga dette ned i etterkant. Det er ikkje få timar denne gjengen brukar også på å rigge opp og å rigge ned i Stordalshallen, gå rundt med loddbøker og anna som kan bidra til inntekter. Nyleg var laget også sentrale i den omfattande vedlikehaldsdugnaden utført her. Det står ganske enkelt enormt stor respekt av det Stordal Hornmusikklag utrettar. Tusen, tusen takk!

Sjå gjerne vår førehandsreportasje for mykje meir om det Stordal Hornmusikklag står for og har gitt oss

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove