Val av representantar til driftsstyret for Stordalshallen

I samband med valet nyleg, skal det på plass ei rad med personar til ulike nemnder, råd og utval. Slik også for driftsstyret for Stordalshallen. Der er det slik at tre av dei fem medlemmane vert peika ut av kommunestyret, ein av representantane kjem frå Stordal IL og sist men ikkje minst har øvrige lag og organisasjonar ein representant i driftsstyret.



Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.10.2015
Fotograf: Hallgeir Hove
I 2007 feira Stordalshallen 10 år! I 2017 er det faktisk 20 års jubileum! Her ser vi driftsstyret i jubileumsåret 20017 fotograf Hallgeir Hove

Det at lag og organisasjonar er representerte i driftsstyret for Stordalshallen er viktig av mange årsaker. Ei samansetting som den ein har kome fram til, der to av fem kjem frå brukargruppene, medan dei tre andre er oppnemnt politisk, ser ein på som ei god løysing for å sikre at brukarane sine ynskje vert ivaretekne.

Då det er særs mange ulike lag og organisasjonar i Stordal kommune, ser ein det som ein mulig måte å kome fram til representant og vararepresentant ved at alle lag og organisasjonar - med tilknyting til Stordalshallen - kan sende inn framlegg på aktuelle kandidatar innan måndag den 26. oktober.


 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove