Valldal Fjordhotell også med på vinnarlaget!

Valldal Fjord - vakrare rom finn ein ikkje!  - Klikk for stort bildeValldal Fjord - vakrare rom finn ein ikkje!

Vi gler oss stort over å få presentere nok ein samarbeidspartnar. Denne gongen er det Valldal Fjordhotell. Det er ikkje til å legge skjul på at vi let oss imponere, når vi tok ein nærare kikk på det dette flotte hotellet har å by på. Flunkande nytt er det og, i og med at det berre er eitt år sidan det vart opna. Skal ein satse på hotelldrift er det elles liten tvil i at ein her har valgt rette staden.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.08.2017

Valldal Fjordhotell  - Klikk for stort bildeValldal Fjordhotell Valldal Fjordhotell  - Klikk for stort bildeValldal Fjordhotell Valldal Fjordhotell - midt i det som er indrefilteten av norsk natur - Klikk for stort bildeValldal Fjordhotell - midt i det som er indrefilteten av norsk natur Valldal Fjordhotell - rafting i Valldøla er noko av det ein kan oppleve - Klikk for stort bildeValldal Fjordhotell - rafting i Valldøla er noko av det ein kan oppleve

Valldal Fjordhotell vart opna for ganske så nøyaktig eitt år sidan. Hotellet ligg i Valldal sentrum, idyllisk plassert nede ved Nordalsfjorden og då midt i det ein kan kalle for indrefileten av det landet vårt kan by på. 

Valldal Fjordhotell er eitt av totalt 16 særeigne hotell og rorbuer på Vestlandet, i Lofoten, Østlandet og Sørlandet og er ein del av Classic Norway Hotels. Målet til Classic Norway Hotels er m.a. å begeistre gjestane sine med personleg vertskap og ekte opplevingar knytta til vår natur, kultur og historie. Det har ein definitivt lukkast med også i Valldal!

Både Classic Norway Hotels og Valldal Fjordhotell har flotte nettsider, der ein kan late seg friste til å oppleve det heile. Ja, rett vakkert er det!

Her er noko av beskrivelsen du finn på nettsida til Valldal Fjordhotell:

"Ved utløpet av den lakseførende elva Valldøla finner du Valldal Fjordhotell. Hotellet ligger kun få meter fra fjorden og har en fantastisk utsikt mot fjord og fjell.

Hotellet har 40 flotte rom, alle med flatskjerm, vannkoker, eget bad med dusj og utgang til egen terrasse. Rommene ligger på bakkenivå med enkel tilgang til det sjarmerende Valldal sentrum. Her finner du lokale butikker, serveringssteder, spennende aktivitets-leverandører og et yrende liv på sommertid. Hotellet har en egen sesongåpen restaurant med utsikt mot fjorden.

Valldal ligger ved Nordalsfjorden på turistruten mellom to av Norges mest kjente Nasjonale Turistveger: Geiranger / Trollstigen og Atlanterhavsveien. Hotellet plassering er helt unik midt mellom de to verdenskjente turistattraksjonene Geiranger og Trollstigen. Området inviterer til flotte fjellturer, eller en stille tur på fjorden med båt eller kajakk.

Til Geiranger er det kun 32,8 km., og en biltur på ca. 45 minutter. På veien til eller fra Geiranger, får du oppleve fantastisk natur og en flott fergetur på ca. 15 minutter. Du får også oppleve den spektakulære Ørnefjellsveien på veien til eller fra Geiranger.

Til Trollstigen er det ca. 37 km. fra Valldal sentrum, og en kjøretur med bil eller buss tar ca. 30 minutter. Veien følger Valldalen og elva helt opp til Trollstigen platået. Her får du en fantastisk utsikt utover Isterdalen og Åndalsnes. Reiser du videre får du oppleve den luftige veien ned Trollstigen til Åndalsnes. En opplevelse du sent vil glemme."

 

Du bør absolutt studere nettsida til Valldal Fjordhotell nærare!

Valldal Fjordhotell kan du også fylje på facebook

Valldal Fjordhotell har også eit nært samarbeid med Muritunet og er dermed eit kombinert helse- og turisthotell

Hotellsjef, Yngve Strand, kan elles melde at dei tek sikte på å kome inn på catering-markedet utanom høgsesongen og då levere mat til både bryllup, konfirmasjonar og liknande tilstellingar. Slikt kan det også vere greit å kjenne til.

Med dette ynskjer vi også Valldal Fjordhotell velkomen med på vinnarlaget vårt!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove