Variert og flott lokalmønstring

UKM 2019 - alle på scena - Klikk for stort bildeUKM 2019 - alle på scena Hallgeir Hove

Det vart verkeleg ei ny flott kulturmønstring i Stordalshallen denne helga. Vi fekk 11 flotte innslag frå scena, der var heile 20 objekt med i utstillinga, der var musikkomposisjonar, film og framifrå programleiing. Prikkfritt levert også frå 10. klasse ved Stordal skule, som arrangør.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.02.2019

UKM 2019 - Petter Sigurd Jemtegård med "Kostyme" - Klikk for stort bildeUKM 2019 - Petter Sigurd Jemtegård med "Kostyme" Hallgeir Hove UKM 2019 - Herman Tronstad med komposisjonen "A stitching time" - Klikk for stort bildeUKM 2019 - Herman Tronstad med komposisjonen "A stitching time" Hallgeir Hove UKM 2019 - fagpanel - Klikk for stort bildeUKM 2019 - fagpanel Hallgeir Hove UKM 2019 - programleiarar - Klikk for stort bildeUKM 2019 - programleiarar Hallgeir Hove

Dei siste førebuingane til lokalmønstringa starta alt på fredagskvelden, då idrettshallen i løpet av 4 timar, med mykje godt arbeid, vart omgjort til konsertsal. Parkettgolv vart dekka til, stolar og bord sett ut, scene og trosserigg kom på plass, likeeins storskjerm og prosjektor. På søndagen, frå kl 09.00 og heilt fram til til dørene opna, vart lyd og lys rigga opp og lydprøvar gjennomført. Klargjering av kunstutstilling høyrer også med. I det store og det heile ein ganske så omfattande jobb, som elevar og foreldre i 10. klasse utførte på glimrande vis.

I tillegg hadde klassa fått samla inn mange flotte gåvepremiar og sponsormidlar frå lokalt næringsliv, som alltid stiller velvillig opp. 10. klasse har også vore aktive i markedsføringa av arrangementet og ikkje minst jobba godt for å få så god deltaking som mulig. Det var også god deltaking frå Norddal kommune, noko også kulturskulen i Norddal og Stordal var med og bidrog til.   

Elevane stilte naturlegvis med eigne programleiarar og dette fiksa Sinne Eisma og Sanne De Vrieze på utmerka vis. For Sinne sin del, vart dette faktisk tredje gongen som konferansier i UKM-samanheng. Ho var nemleg også programleiar under lokalmønstringa i 2018 og i tillegg har ho delteke på workshop i Ålesund med programleiing som tema. Sinne hadde også meldt seg på i kategorien for programleiarar og dei begge hadde også eigne innslag. Sinne med pianostykke og Sanne med teikningar.

Det var også elevane sjølve som styrte med det audiovisuelle og i tillegg assisterte dei lydmann Lasse Døving på lyd og lys. Som alltid fungerte lyd og lys heilt perfekt. Vidare laga elevane til den flotte kunstutstillinga og med god hjelp av foreldra vart det også stort og flott kakebord, samt eige lotteri. Vi håper og trur at inntektene frå arrangmentet bidreg godt med tanke på reisekassa til klasseturen dei skal ha mot slutten av skuleåret. Det er vel fortent.

 

God deltaking og stor variasjon

Til liks med i fjor, vart det altså køyrd ei felles mønstring for både Stordal og Norddal i Stordalshallen. UKM er eit arrangement med lange og gode tradisjonar her og det er særs godt innarbeidd, der ein m.a. samarbeider med arrangørane av Årsfesten for Stordalshallen. Dei to arrangementa går av stabelen to påfyljande helgar og dermed er det i røynda slik at ein ikkje treng rigge opp noko ekstra i det heile for å arrangere UKM. 

At også Norddal kommune har hatt med sine deltakarar her, har naturlegvis vore både berikande og kjekt.  

Her er oversikta over deltakarane på årets lokalmønstring:

Sinne Eisma - programleiar og scene (Stordal)
Vilja Fuglem - scene (Norddal)
Wiktoria Mezyk - scene (Norddal)
Carolin Eide - scene (Norddal)
Maciek Kaniecki - scene (Stordal)
Josef Nedregård - scene (Stordal)
Solveig Eide Grønningsæter - scene (Norddal)
Ole Martin - scene (Norddal)
Daniel Hovde - film (Stordal)
Herman Tronstad - scene/film (Stordal)
Andrea Solhaug - scene (Norddal)
Andrea Fjellstad Vikestrand - scene (Norddal)
Casper Holebakk - scene (Norddal)
Dina Frøysa Os - scene (Norddal)
Lars Ivar Grande - scene (Norddal)
Lisa Muren Mjelva - scene (Norddal)
Maren Frøysa Os - scene (Norddal)
Thorvald Holebakk - scene (Norddal)
Gunnar Inge Eide - scene (Norddal)
Inga Lill Nydal - scene (Norddal)
Astrid Larsen Stavseng - scene (Stordal)
Hanna Øie - scene (Stordal)
Wiktoria Mezyk - kunst (Norddal)
Tuva Busengdal - kunst (Stordal)
Tieme Eisma - kunst (Stordal)
Sanne De Vrieze - programleiar og kunst (Stordal)
Petter Sigurd Jemtegård - kunst (Norddal)
Olav Westerås - kunst (Stordal)
Isak Tafjord - kunst (Stordal)
Hedda Falling Møller - kunst (Stordal)
Cato Falch - kunst (Stordal)
Ane Maria Hatlestad Valdal - kunst (Norddal)

 

Imponerande arbeid også av fagpanelet

Med ei deltaking som dette, var det ingen enkel jobb fagpanelet stod overfor. I god tid før dørene opna for publikum, var dei i gong med å vurdere dei mange flotte innslaga i kunstutstillinga og det vart seint på kveld før dei hadde kome gjennom evalueringa av alt det flotte dei hadde fått servert frå scena. Men så var det verkeleg eit bra samansett panel på plass! I tillegg til å utarbeide ei individuell tilbakemelding på alle innslaga, hadde dei også den vanskelege oppgåva å skulle peike ut kven som skulle få høve til å representere hhv Norddal og Stordal under årets fylkesfestival av UKM. At det er stas å få vere med på slikt, har mange her ein ekstra god kjenskap til i og med at det var nettopp her i Stordal fylkesfestivalen vart arrangert i 2018.

Fagpanelet bestod av:
Maria Holand Tøsse
Sølvi Lill Seljebotn
Anders Jørgen Gjerde
Joachim Helland Helgesen


Etter at alle innslaga på scena var ferdig, var det tid for å trekke ut heldige vinnarar i lotteriet. Her var det verkeleg mange flotte gevinstar og alt saman gitt i gåve av lokalt næringsliv.  

Til slutt vart alle deltakarane kalla fram på scena i lag med fagpanelet og det vanka både deltakarpremiar, diplomar og vel fortente blomar til fagpanelet.

Det er berre å gratulere og takke alle dei som var med og bidrog inn mot denne flotte kulturmønstringa, anten det no var som arrangør, deltakar eller på anna vis.

Strålande!

 

Sjå gjerne våre førehandsreportasjar for mykje meir om UKM, m.a. tilbakeblikk på alle mønstringane frå 2006 og fram til no.

Eige bildegalleri med over 100 bilder frå lokalmønstringa denne helga, finn du på Stordalshallen si facebookside

UKM Stordal og Norddal på facebook

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove