Big Valley Voices
Big Valley Voices klare med vårkonsert!
Fotograf: Hallgeir Hove
Stor stemning og mykje folk på plass under sommarshowet i fjor fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Eye of the tiger! fotograf Hallgeir Hove

Vårkonsert med Big Valley Voices, fredag 13. mai!

I skrivande stund er det berre 10 dagar til Big Valley Voices står på scena i Stordalshallen. Grendasalen har for lengst blitt for liten for denne supre gjengen og dei mange som fekk med seg sommarshowet dei gav oss i fjor, kan heilt sikkert skrive under på at dette verkeleg er bra.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.05.2016

Det er altså endeleg klart for konsert med Big Valley Voices igjen og det er all grunn til å sjå fram til å få oppleve dei på scena igjen. Dei har oppretta ei eiga hending på facebook og der skriv dei fyljande om det heile: 

"Velkomen til vårkonserten: "Happy In Stordal". Damene er i storslag - og vi gler oss til å gi deg latterkrampe, store auge, smil om munnen, gåsehud, og GOD stemning! Det vil bli mest NYE og moderne hits denne gongen! Komfortsona legg vi att heime - og er klar for å gi dokke eit SHOW med feststemt og fengande musikk, trøkk og koreografi. Dette vil du ikkje gå glipp av!"

Etter at koret hadde si første øving, onsdag 3. september 2014, har vi hatt gleda av å få oppleve dei dyktige damene fleire gongar:

Konsertpremiere i Stordalshallen, torsdag 15. januar 2015 

Sommarshow i Stordalshallen, 21. juni 2015

Big Valley Voices har også gjennomført ein flott konsert i lag med Ørskogkoret, i Ørskog kyrkje. Det var i oktober 2015.

Det er elles slik at damene også på sett og vis er blitt verdskjende takka vere filmen frå brylllupet der leiaren i koret, Maria Holand Tøsse, gifta seg. Denne filmen er blitt vist ufattelege 27 753 972 gongar på youtube!

Det er også laga til ein liten filmsnutt for å promotere konserten.

Billettprisar:
Over 16 år: kr 150 ,- Under 16 år: kr 0 ,-

Nei, dette vil vi absolutt ikkje gå glipp av!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove