Fotograf: John Kristian Hjelle
Her er gjengen som var med på å gjere golvet klart til lakkering. Frå venstre ser vi Eric Ryan (utvekslingsstudent frå Anchorage i Alaska, USA) Kristoffer Joranger, Lars Eivind Joranger, Hallgeir Hove, Jonas Falch, Jan Ove Øvrebust, Kjersti Hjelle og Reidun Bratland. (Elin Amdam ikkje til stades på bildet) fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: Hallgeir Hove
Svarte strek vert fjerna fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jørgen Dovland AS i ferd med å legge første strøket med lakk. fotograf Hallgeir Hove

Vedlikehaldslakkering av golv i Stordalshallen

Endeleg er det klart for vedlikehaldslakkering av golva i idrettshallen og i grendasalen. Arbeidet skal utførast i veke 32 (altså f.o.m måndag den 3. august) og legg vi også til dei naudsynte dagane lakken treng til å herde, vil vi ikkje kunne ta golva i bruk att før måndag den 17. august.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.05.2015

Det har no gått mange år sidan sist vi fekk lakkert golvet i idrettshallen vår og dermed er det no på høg tid. Planen var å få utført dette arbeidet for eit par år sidan, men pga at vi skulle i gong med tilbygget vårt, vart det beslutta å vente til det arbeidet var ferdig. Det er elles slik at det er første del av august månad, det erfaringsmessig er best å få dette arbeidet utørt. Skadar i parketten vil også bli utbetra i forkant av lakkeringa. Legg også merke til at vi no også vel å lakkere opp at golvet inne i grendasalen.

I samband med lakkeringa i idrettshallen, må vi på førehand også ha fjerna mest mulig svarte strek og anna som er på golvet. No har heldigvis vår vaktmeister fjerna mykje av dette etterkvart, men det er likevel behov for å få gått over ein siste gong før arbeida startar. Sist gong vi lakkerte golvet, fekk vi god hjelp frå brukargruppene og vi håper sjølvsagt å få til noko liknande denne gongen. Sjå gjerne reportasjen frå sist.

For at alt skal vere klart til lakkering måndag den 3. august, blir det dugnad i idrettshallen på onsdag den 29. juli kl 19.00. Om vi blir like mange som sist gong (og gjerne fleire og, for den del) vil dette vere unnagjort på ein times tid. Sjølv om det er nokre veker til dette, er det fint om vi alt no kan få inn tilbakemeldingar frå dei ulike brukargruppene på kven som stiller.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove