Fotograf: Hallgeir Hove
Konkurransetrampolina er særs populær. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Klatreveggen er nærare 9 meter høg og unik i sitt slag. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
På skytebana er det m.a. salonggeværskyting. Dei minste får prøve seg med luftgevær. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Team-track´n kan brukast til mykje kjekt. fotograf Hallgeir Hove
Frå Geitabotntinden
Klikk på det smale biletet (over) og bli med på ein unik rundtur i fjellheimen vår.

Noko av alt du kan oppleve i Stordalshallen.

Stordalshallen kan by på ei rad spanande aktivitetar, anten det no er for skuleklasser, idrettslag, bedrifter eller andre grupper. Gjennom skreddarsydde opplegg tilpassa den einskilde gruppa kan ein også mellom anna velje å få med seg instruksjon i trampolinehopping (konkurransetrampoline), innandørsklatring og miniatyrskyting.

Vidare kan ein kombinere dette med alt det ein fleirbrukshall har å by på av idrettsaktivitetar. (Sjå også "Om hallen")

Eigen kulturdel (Grendasalen) på 206 kvm kan nyttast til øvingar, møteverksemd, matsal el.l. I Grendasalen er det også eiga scene, storskjerm og videoprosjektor. (Her kan ein velje mellom fleire TV-kanalar, køyre film, evt. anna) I foajeen vår er det i tillegg flatskjerm og ei sittegruppe, for den som vil sjå på TV der. Stordalshallen er elles også godt utrusta når det lyd- og lysutstyr.

Stort og godt utstyrt kjøkken kan også nyttast uansett om ein vel å overnatte eller ei. Når det gjeld overnatting, så skjer dette ved at deltakarane tek med liggeunderlag og sovepose. Stordalshallen har ca 40 gymnastikkmatter o.l. som sjølvsagt også kan nyttast til å ligge på. Ønskjer ein å bu meir komfortabelt, kan ein i Stordal kommune finne tilbod om overnatting både ved Blåtind Appartements og ved Stordal Camping. Ønskjer ein å ”gå til dekka bord” kan Nilsgardstunet (opna vinteren 2004) i tillegg til Blåtind og Kokarsteinen vere rette staden. Vidare kan ein få kjøpt gatekjøkkenmat ved Kokarsteinen kiosk og grill og ved Stordal Camping. Ønskjer ein å lage maten sjølv kan ein gjere innkjøp både ved Joker Stordal og ved COOP marked Stordal.

Rett attmed Stordalshallen ligg det både symjehall, badstu, bibliotek, kunstgrasbane med løpebane (tartandekke) rundt, ballbinge og leikområde for born.

I Stordalshallen sitt nærområde finn ein i tillegg ei rad aktuelle alternativ for utflukter både sommar og vinter.

Om vinteren kan Stordal by på fantastiske turområder. Ikkje minst er Langsæterområdet særs populært, der isfiske, snøholegraving og tindebestigning er noko av det ein kan få med seg. Stordal Fjellservice lagar flotte skiløyper innover fjellet og Stordal Alpinsenter på Overøye kan by på to skitrekk på om lag 1200 meter kvar, i tillegg er det eige barnetrekk, skiband og flott varmestove. Det er mange traséar og i tillegg veldig attraktivt for offpiste-køyring i dette snørike området. Alpinanlegget vart opprusta for godt over 10 millionar kroner, vinteren 2006. På Stavsengfjellet kan ein velje mellom langrenn ved Stavsengfjellet Skisenter og hopp ved Fjellbakken (heile fem bakkar, frå den største med K-punkt på 70 meter og nedover til bakkar tilpassa for born)

Sommarstid kan ein nemne dei same turområda. I tillegg finn ein rike moglegheiter for fiske både i Stordalselva (laksefiske), på sjøen og ikkje minst i dei mange elvane og fiskevatna i Stordalsfjella. Om ein ønskjer det kan ein også kombinere opphaldet ved Stordalshallen, mellom anna med å vitje Ytste Skotet og Stordal Bygdetun (m.a. Rosekyrkja frå 1789) Vidare kan ein nemne Valldal Naturopplevingar i Norddal kommune, som tilbyr m.a. rafting og villmarkscamp (om lag 30 minutts køyretid unna) Stordal ligg elles strategisk til for dagsutflukter til både Geiranger (ca. 70 minutt), Trollstigen (ca. 60 minutt) og Ålesund (ca. 60 minutt)

Tips:
Spjelkavik videregående skole i Ålesund, har kvart år skiekskursjon i Stordal. Den om lag 100 personar store gruppa, som også har bestått av elevar frå Irland, England, Holland og Frankrike, kombinerer instruksjonsopplegg og andre aktivitetar i Stordalshallen på kveldstid, med skiaktivitet (også isfiske!) på dagtid. Dei legg inn to overnattingar og avsluttar opphaldet med ein heil dag ved Stordal Alpinsenter.
Elevane, saman med to av leiarane overnattar ved Stordalshallen, medan dei øvrige leiarane overnattar ved Blåtind Appartements. Tilbakemeldingane frå både dei norske og dei utanlandske deltakarane er særs gode.
Referanse: Olav Grønningsæter (tlf. 70 17 82 30), hovudlærar i kroppsøving ved Spjelkavik videregående skole.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove