Fotograf: Hallgeir Hove
Mykje folk på plass i grendasalen i går kveld fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ordføraren ynskjer velkomen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Oppvisning i taekwon do av Andrea, Yasmin og Herdis fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal Turlag sin stand, var ein av mange som vart flittig besøkt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det vart ein rett så triveleg kveld dette. Nydeleg brennsnut vart også servert fotograf Hallgeir Hove

Vellukka "Bli kjent-kveld"

I går var både nytilflytta, lag og organisasjonar og alle andre interesserte inviterte til markering av frivilligdagen og til "bli kjent - opplegg" i Stordalshallen. Til liks med tidlegare, var det god oppslutning frå frivilligheita og flott var det også at mange nytta høve til å bli betre kjent med stordalssamfunnet. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.03.2015

Kvelden starta med at ordførar Charles Tøsse ynskte velkomen og så var det klart for å innta ein alldeles nydeleg brennsnut, laga av Terje Hagevik.

Medan dei mange frammøtte kosa seg med den gode maten, presenterte kulturteamet ein del av alt det ein kan vere med på i kommunen og ikkje minst vart det orientert om kvar ein kan finne nyttig informasjon. Sjølvsagt inngjekk også framsyning av den kjekke filmen "Happy in Stordal" , før det var klart for å besøke dei mange flotte standane som lag og organisasjonar hadde laga til.  

I løpet av kvelden fekk vi også eiga oppvisning i taekwon do, som er eitt av mange nye aktivitetstilbod i Stordal. Vi fekk også høyre korleis dei hadde hatt det på tur til Barcelona på treningsleir, desse dyktige utøvarane.  

Det er på sin plass å takke dei mange frammøtte frå lag og organisasjonar i Stordal og sjølvsagt også stor takk til dei som kom for å få vite meir om kva ein kan vere med på her.

Her er laga/organisasjonane som hadde stand i går kveld:

Stordalscup
Stordal Sogelag
Stordal Helselag
Mental Helse Stordal
Stordal Bedehus
Stordal Turlag
Stordal Barnekor
Stordal og Liabygda pensjonistlag
Storfjord taekwon do
Stordal Folkedanslag

I tillegg hadde Barnas kommune, frivilligsentralen og biblioteket også eigne standar.

Sjå også vår førehandsreportasje for meir om det heile.

Sjå også eige galleri med mange fleire bilder frå den kjekke kvelden, på Stordalshallen si facebook-side

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove