Fotograf: Hallgeir Hove
Arnold Rørstad på plass for å gjennomføre øvinga fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mykje viktig å få med seg både kva gjeld det som omhandla brannsikkerheita ved Stordalshallen og rundt om i heimane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Arnold gjer sløkkjeutstyret klart til bruk fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Einar K Hove er godt kjend med bruken av brannslokkingsapparat fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Reidun Gjerde Hoel frå Stordal Folkedanslag i aksjon fotograf Hallgeir Hove

Vellukka brannøving og brukarmøte

Onsdag 22. oktober vart det obligatoriske brukarmøtet ved Stordalshallen gjennomført. Denne gongen stod også eiga brannøving på programmet og Arnold Rørstad frå Det interkommunale brannvernet var på plass og sytte for ei gjevande og særs nyttig økt som omfatta både ein teoretisk og ein praktisk del.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.10.2014

Vi er naturlegvis pålagt å gjennomføre regelmessige brannøvingar og det er ikkje til å legge skjul på at vi er særs takksame for at Det interkommunale brannvernet set av tid til å kome rundt og dele med oss av sin kunnskap på dette området.  

For dei mange som deltok på øvinga, var det tydeleg at dette hadde vore ei særs nyttig økt, både med tanke på det som gjeld brannsikkerheita ved Stordalshallen og truleg ikkje minst også i høve til alt som har med brannsikring rundt om i heimane. 

I forkant av brannøvinga (som vart gjennomført frå kl 18.00 til kl 19.30) rakk vi å gå gjennom branninstruksen for Stordalshallen. I tillegg vart viktige sider ved den generelle instruksen trekt fram. Alle representantane frå dei ulike brukargruppene har no ein viktig jobb å gjere, i høve til å få formidla vidare det som kom fram i møtet.

Med det første vil det bli sendt ut eit møtereferat, der også branninstruks, branntekniske teikningar og sist men ikkje minst instruks for bruken av Stordalshallen vert lagt ved.

Dermed er det å håpe at alle, etter øvinga/møtet sist onsdag, vil ha ekstra fokus på alt det som har med brannsikkerheit å gjere og forsåvidt også alt som har med den generelle bruken å gjere, for den del.

Her er dei 18 deltakarane på brannøvinga/brukarmøtet:

Stordal Folkedanslag: Reidun Gjerde Hoel
Andershaugen Barnehage: Siv Anita Bråten
Stordal Ungdomsklubb/Stordalscup: Bjørg Jacobsen
Leik for born: Hege Støversten
Klatreklubben: Eli Søvik
Stordal Skulekorps: Torill Hove Busengdal
Taekwon-do: Eilif Falch
Stordal skule: Bjørnar Midtbust
Stordal Hornmusikklag: Magne Staurset
Barneringen: Ole Magnar Øvrebust
Stordal og Liabygda Pensjonistlag: Einar Kåre Hove
Stordal IL (hovudstyret): Nikolai Huse
Stordal IL, alpingruppa: Olai Nakken
Stordal IL, barneidrettsgruppa: Linda Falch
Stordal IL, fotball: John Kristian Hjelle
Stordal IL, langrenn: Erik Røkke
Stordal Skyttarlag: Lars Johan Nygård
Stordalshallen: Hallgeir Hove

Stor takk til Arnold Rørstad, for at han tok turen hit og delta sin kunnskap med oss, og sjølvsagt også takk til dei som stilte opp frå dei ulike brukargruppene.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove