Vellukka dansekurs

Denne veka har Magnus Emaka Einang køyrd dansekurs over to kveldar i Stordalshallen. Kurset var i regi av Stordal kulturskule og oppslutninga var særs god med heile 60 barn og unge på plass, begge kveldane. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.04.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
Kjempekjekt å vere med på dansekurs med Magnus! fotograf Hallgeir Hove

No er det ikkje første gongen Magnus har vitja oss og mange hugsar nok at han køyrde eit liknande opplegg i fjor haust. Til liks med då, var Magnus like energisk og inspirerande denne gongen og det er ikkje vanskeleg å forstå at han er populær blant dei unge.

Dei 60 elevane var inndelt i 3 like store grupper, etter alder, og Magnus var som vanleg flink til å legge det heile opp i høve til aldersgruppene. Med tanke på den relativt korte tida dei fekk saman også denne gongen, er det imponerande kva dei lærte. Honnør både til instruktør og elevar med andre ord.  

Som med alt anna tek det tid å verte verkeleg god, men slike kurs er sjølvsagt viktige også fordi det gir inspirasjon til å halde fram med dansing, anten dette er i organiserte former eller rett og slett på eiga hand.

Magnus kunne denne gongen også fortelje at han jobba med eit større prosjekt, der han vil ha med seg fleire dansarar både frå Oslo og frå London. Det vil då bli lagt opp slik at det både vert eit meir omfattande kurs og i tillegg vil publikum få gleda av å sjå dei proffe dansarane i eit eige danseshow. Vi har for vår del signalisert at vi er veldig klare for å få vere med på eit slikt opplegg og vi håper å kunne kome tilbake med meir informasjon om dette etterkvart.  

Sjå eige bildegalleri frå dei flotte dansekveldane på Stordalshallen si facebookside. 

Sjå gjerne også førehandsreportasjen for meir om Magnus Emaka Einang. 



 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove