Vellukka jubileumssamling!

Stordalshelga i langrenn 10-årsjubileum 2017  - Klikk for stort bildeStordalshelga i langrenn 10-årsjubileum 2017 Hallgeir Hove

Stordalshelga i langrenn vart arrangert for 10. året på rad, denne helga. På programmet stod, ikkje mindre enn fem treningsøkter, der det både var styrke og koordinasjon i Stordalshallen, samt barmark og rulleski i nærområdet rundt. På søndagen var det som vanleg tid for konkurransar. I tillegg til alt dette, fekk deltakarane også tilbod om klatring og bading.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.10.2017

Stordalshelga i langrenn 10-årsjubileum 2017 - Petter Løset  Skodjereite, ein av mange dugande instruktørar - Klikk for stort bildeStordalshelga i langrenn 10-årsjubileum 2017 - Petter Løset Skodjereite, ein av mange dugande instruktørar Hallgeir Hove Stordalshelga i langrenn 10-årsjubileum 2017 - Pål Bjørn intervjuvar Hans Martin m.fl under uttøyinga - Klikk for stort bildeStordalshelga i langrenn 10-årsjubileum 2017 - Pål Bjørn intervjuvar Hans Martin m.fl under uttøyinga Hallgeir Hove Stordalshelga i langrenn 10-årsjubileum 2017 - Klikk for stort bildeStordalshelga i langrenn 10-årsjubileum 2017 Hallgeir Hove Stordalshelga i langrenn 10-årsjubileum 2017 - Siv Krokfoss er ein av mange i foreldregruppa - Klikk for stort bildeStordalshelga i langrenn 10-årsjubileum 2017 - Siv Krokfoss er ein av mange i foreldregruppa Hallgeir Hove

Arrangørane i Stordal IL, langrennsgruppa har all grunn til å vere fornøgde med gjennomføringa også denne gongen og naturlegvis er det ekstra stas å tenkje på at ein no i heile 10 år har stått bak dette flotte tilbodet. Sjølv om det er komne nokre nye til etterkvart, har det stort sett vore dei same personane som har hovudansvaret. To av desse er nok definitivt Pål Bjørn Øvrebust, som har hatt ansvaret det treningsmessige, med Erik Røkke er den som har hatt det øvste administrative ansvaret i høve desse samlingane.

Dugande instruktørar
Noko av det som har kjenneteikna desse samlingane, er dei mange dugande instruktørane. I løpet av 10 år, er det også kome til nye instruktørar og det som er litt artig der, er at fleire av dei som berre så vidt var gamle nok til å delta på dei første samlingane, no er av dei fremste instruktørane. Ekstra stas var det nok m.a. at både Martine Lorgen Øvrebust og Petter Løset Skodjereite hadde teke turen heim for å instruere deltakarane. I samband med uttøyinga etter økta inne i Stordalshallen fortalte dei litt om det dei hadde opplevd rundt om og som dei fleste veit, er ikkje det så reint lite. Ein annan som verkeleg har oppnådd mykje, er valldalingen Hans Martin Gjedrem. Først og fremst som skiskyttar sjølvsagt, men også i motbakkeløp og anna. Han har vi også ved fleire høve tidlegare, hatt gleda av å ha på besøk. M.a. inviterte langrennsgruppa han hit for fem år sidan til foredrag i Stordalshallen. Året før der igjen var Hans Martin også på plass og då som hovudinstruktør på ei av dei mange kretslagssamlingane. Ein annan som kunne fortelje utøvarane korleis det følest å stå på seierspallen i viktige skirenn, var Lars Andreas Hoel. Han har vore veldig sentral som instruktør på desse samlingane og har m.a. også heile 5 sesongar for Storfjordlangrenn.

For verkeleg å vise kor bra instruktørkorpset på desse samlingane er, kan denne opplistinga av dei som var i aksjon på laurdagen og søndagen - i tillegg - vere på sin plass:

Vilde Lorgen Øvrebust (Stranda Skigymnas/Kretslaget)
Andreas Hjelle (Stranda Skigymnas/Kretslaget)
Helen Krokfoss (Stranda Skigymnas/Kretslaget)
Petter Elias Vestre Røkke (Stranda Skigymnas/Kretslaget)
Live Johanne Vestre Røkke (Stranda Skigymnas/Kretslaget)

Så tek vi sjølvsagt med dei som var i sving i klatreveggen på laurdagen, nemleg Eli Søvik, Helga Øvrebust og Sarah Øvrebust Hjelmseth.

Heile gruppa står bak
Erik Røkke er snar med å gje ros til foreldra i den særs aktive gruppa. Samlingar som dette hadde blitt vanskelig å arrangere utan ei foreldregruppe som bidreg som støtte under treningar, vakter og kjøkkenvakter. Det er ikkje så reint lite mat som går med i løpet av ei slik helg og på menyen står både taco og anna godt.

Røkke trekkjer også fram Stordalshallen og peikar på at den er glimrande til føremålet og at tilbakemeldingane er gode frå såvel foreldra, som utøvarane.

Stas å kunne sjå tilbake
Arrangørane har vore flinke til å lage til filmsnuttar frå samlingane sine. Eit tilbakeblikk vert difor ekstra kjekt. Her er nokre glimt frå samlinga denne helga:

Frå treningsøkta i Stordalshallen fredagen

Frå 1. økta på laurdagen (m.a. sprint på Kirkebø Stadion)

Bildegalleri og tidlegare reportasjar frå desse flotte samlingane:

Du finn også eit bildegalleri frå økta i Stordalshallen fredagen, på Stordalshallen si facebookside

På Stordalshallen si facebookside har vi også samla gruppebilde frå dei 10 samlingane i eit eige galleri

I vår førehandsreportasje viste vi til at ein finn reportasjar (inkl hundrevis av bilder og flotte filmopptak) frå samtlege av dei tidlegare samlingane. Kjekt å sjå tilbake på slikt.

Vi nyttar høve til å gratulere langrennsgruppa i Stordal IL, med nok ei vel gjennomført samling og denne gongen gratulerer vi sjølvsagt også med 10-årsjubiléet!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove