Fotograf: Ruth Janne Vinje
14 lystige aspirantar har inntatt podiet fotograf Ruth Janne Vinje
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Stordal Hornmusikklag imponerte som vanleg fotograf Ruth Janne Vinje
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Stordal Skulekorps i aksjon fotograf Ruth Janne Vinje
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Aspirantar førebur seg i grendasalen fotograf Ruth Janne Vinje
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Det er særdeles gledeleg at rekrutteringa til korpset er så god fotograf Ruth Janne Vinje

Vellukka øvingshelg og suveren konsert!

Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps kan sjå tilbake på nok ein suveren konsert, etter at dei den 7. november leverte "I Dovregubbens Hall". Blant mykje flott, var det også suverent at skulekorpset også denne gongen kunne vise fram mange nye aspirantar. Gledeleg var det sjølvsagt også at om lag 230 møtte fram for å få med seg det heile.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.11.2015

Det er ikkje ein reint liten jobb som ligg bak ei oppsetting, som den korpsa våre stod for, første helga i november. Ein ting er all øvinga for at det skal låte så flott som det faktisk gjer, men i tillegg er det timevis med førebuing som må til for å gjere Stordalshallen om til ein konsertsal og i denne gongen også om til Dovregubbens hall. Ordet imponerande er ganske så dekkjande for den innsatsen korpsa våre legg ned, og ikkje minst med tanke på det, var det kjekt at publikumsoppslutninga var så god.    

Alfred Nilsen (Storfjordnytt) var på plass og han har laga ein flott reportasje frå konserten. Denne har vi fått lov til å presentere også her. Sjå pdf nedst på sida.

Takk også til Ruth Janne Vinje for fine bilder.

Bjørnar Midtbust filma både aspirantar og andre på scena og desse fine filmsnuttane finn du på Barnas kommune si facebookside.

Aspirantar i aksjon 

Stordal Hornmusikklag med "I Dovregubbens Hall" 

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje, for mykje meir om Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps

Det er berre å ta av seg hatten for det imponerande arbeidet som vert lagt ned av Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps og nok ein gong gratulerer vi med ein fantastisk flott konsert!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove