Fotograf: ITF Storfjord Taekwon-do klubb
Alle deltakarane samla til felles fotografering fotograf ITF Storfjord Taekwon-do klubb
Fotograf: ITF Storfjord Taekwon-do klubb
ITF Storfjord Taekwon-do klubb fotograf ITF Storfjord Taekwon-do klubb

Vellukka treningssamling for ITF Storfjord Taekwon-do klubb

23 utøvarar deltok på treningssamlinga til ITF Storfjord Taekwon-do klubb i Stordalshallen sist helg. Det var lagt opp til eit omfattande treningsopplegg, men sjølvsagt også slik at det vart tid til sosialt samvær utpå laurdagskvelden.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.06.2015

Det er kjekt å registere den store interessa for å halde på med taekwon-do og det er etterkvart mange frå Stordal som også har funne ut dette. Det ser ut til å vere eit særs bra miljø og i tillegg til dei mange treningane, både i Stordalshallen og i Valldal, er gjengen rett som det er med på arrangement rundt omkring. Ja, til og med heilt til Barcelona har fleire av dei reist for å konkurrere. 

Her er programmet dei køyrde i Stordalshallen denne helga:

LØRDAG
1100-1200 Oppmøte
1200-1400 Trening
1400-1430  Frukt
1430-1630 Trening
1630-1730 Baguetter
1730-1930 Trening
1930-ca.2000 Vi steller oss før middag
ca.2000-2100 Middag
ca.2100-.... sosialt samvær

SØNDAG
0800-0900 Frokost
0900-1100 Trening
1100-1130 Pause
1130-1330 Trening
1400-.... opprydding

Etter tilbakemeldingane å dømme, kan det bli ny slik samling i Stordalshallen, ganske så snart. Ja, kanskje alt i september månad og då også slik at ein kanskje kan kombinere dette med ny gradering.  

At dette er ein suveren gjeng, er det iallefall ingen som helst tvil om!

Sjå gjerne også tidlegare reportasjar om ITF Storfjord Teakwon-do klubb, m.a. den frå april i 2013, då det både var seminar og gradering her.

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove