Fotograf: Hovslia/Røbbane
Skal tru kva Hovslia Hills står for? fotograf Hovslia/Røbbane
Fotograf: Hovslia/Røbbane
Ein av mange illustrasjonar frå facebooksida til arrangørane fotograf Hovslia/Røbbane
Fotograf: Hovslia/Røbbane
Ja!! fotograf Hovslia/Røbbane

Ventetida nesten over!

Om ei veke er det klart for den 16. Årsfesten for Stordalshallen og det er ikkje til å legge skjul på at forventningane er høge. Årsfestane er alltid supre å ta del i og denne gongen har arrangørane frå Hovslia og Røbbane verkeleg noko på gong! Ikkje minst via facebook vert det hinta om kva vi kan ha i vente.   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.02.2013

Årsfestane for Stordalshallen har blitt ein flott tradisjon og kvar gong er det like stas å få med seg. I vår reportasje frå oktober i fjor, finn du meir. Der ligg også lenker til reportasjar frå tidlegare Årsfestar.

Sjå også førehandsreportasjen vår for om lag ein månad sidan her. Der finn de endå meir om Årsfest 2013 og m.a. også lenke til arrangørane si stilige facebook-side.

Før sjølve programmet startar vert det, som tidlegare annonsert, høgtidleg utdeling av kulturstipend til Mats Rune Lilleås Larsen.

God mat vert det også som alltid og når alt dette er unnagjort, vil den populære dansegruppa N.O.T. ta seg av dansemusikken!

Få med deg Årsfesten til Hovslia/Røbbane laurdag 23. februar! Hugs også på å minne dine bekjente om det heile!

Då tel vi ned til laurdag om vel ei veke og gler oss skikkeleg!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove