Ventetida over!

Då er det berre ein dag att til arrangørane frå grenda Vinje kan ynskje velkomen til den 14. Årsfesten for Stordalshallen. Den siste veka har det vore ekstra stor aktivitet ved Stordalshallen og det er liten tvil i at arrangørane har lagt ned ein fenomenal innsats. Dette vert garantert ei stor oppleving. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.03.2011
Plakat - Årsfest 2011
Fram med finstasen! No er det klart for Årsfest!

Mykje kan tyde på at det vert rekord i høve til frammøte denne gongen. Ser ein t.d. på responsen arrangementet har fått på facebook, så er det i skrivande stund heile 359 personar som har meldt sin ankomst. Talet stig, time for time og framleis er det altså eitt døgn att til dørene opnar. (Ekstra imponerande er dette talet, når ein veit at det er mange som ikkje er tek del i nettsamfunn som t.d. facebook) 

Dørene opnar kl 18.30 og det er truleg unødvendig å råde publikum om å vere tidleg ute. Her blir det garantert fullt hus!

Då er det berre å leite fram finstasen og gjere seg klar til eit av dei store høgdepunkta i løpet av året.

Velkomen til Årsfest 2011!

 

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove