Plakat - Verdensdagen for psykisk helse 2014
Plakat - Verdensdagen for psykisk helse 2014
Fotograf: Hallgeir Hove
Marit Kaldhol (lengst til høgre) vitja oss også i høve temakvelden for stemmerettsjubileet (i juni 2013). No er ho m.a. nominert til Astrid Lindgren Memorial Award - verdas største barne- og ungdomslitteraturpris. Ho er ein av 197 kandidatar frå 61 land! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Mental Helse Stordal
Her ser vi korleis dei har det på standen til Mental Helse i Stordal sentrum fotograf Mental Helse Stordal

Verdensdagen for psykisk helse i Stordal

Det er klart for ei ny storstilt markering av Verdensdagen for psykisk helse her i Stordal. Fredag 17. oktober vert det stand i sentrum. Tysdag 21. oktober vert det eit eige opplegg ved Stordal skule. Tradisjonen tru, vert det også flott markering i Stordalshallen. Den finn stad på torsdag den 23. oktober og då med mykje flott på programmet.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.10.2014

Temaet i år er: Kvardagsstress og psykisk helse. Sjå kvarandre – senk skuldrene. I Stordal vert dagen markert med fleire arrangement der det første er stand på allmenningen fredag 17. oktober med informasjon om Mental Helse og quiz.

Tysdagen etter får ungdomsskuleelevane besøk av to representantar frå Venn1 som m a vil sette søkelyset på korleis ungdom kan ta vare på eiga helse og vere venn med ein som har det vanskeleg.

Torsdag 23. oktober vert alle interesserte invitert til Stordalshallen (grendasalen) der forfattar Marit Kaldhol skal lese dikt i barneperspektiv, som er knytt til årets tema. Spesialsjukepleiar Vibeke L.S.Høgseth vil halde foredrag om korleis stress virkar på oss og kva vi kan gjere for å redusere det. Det er lagt til rette med organisert barnepass, for dei som treng det for å kunne delta denne kvelden.

Markeringa er eit samarbeid mellom Mental Helse, biblioteket, psykisk helsearbeidar, frivilligsentralen og God Helse i kommunen.

Mental Helse Stordal, legg ned eit imponerande arbeid og det er vel verdt å ta ein kikk innom heimesida deira, for å få med seg litt av alt dette. Du kan også fylje dei på facebook.

Vi har tidlegare skrive litt om det dette flotte lokallaget får til og her er ein av fleire reportasjar av det slaget. I reportasjen frå hausten 2012, kan du lese meir om både standen til Mental Helse og om dei andre arrangementa det året.

Meir om arrangementet også på Stordal Bibliotek si flotte heimeside.

Sjå elles særs flott flygeblad, som pdf, nedst på sida.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove