vpg.no
Denne logoen har du sikkert sett før!
vpg.no
Legg merke til at du også kan sende sms og dermed få dei beste tilboda først!
vpg.no - Årets sportsbutikk i 2012
Lesarane til Fri Flyt kåra vpg til Årets sportsbutikk i 2012!

Vertical Playground AS også på plass!

Då har vi gleda av å meddele at også Vertical Playground AS, har inngått samarbeidsavtale med Stordalshallen. Med vpg.no på plass, er dette på ny med på å stadfeste den store interessa for å ta del i vårt profileringskonsept.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.02.2013

I og med at det det er tre verksemder som, av naturleg årsaker, ikkje vert med på laget lengre, vart det altså plass til Vertical Playground AS. Med det første vil vi presentere dei øvrige verksemdene som får kome med i denne omgong.

Så til vår nye samarbeidspartnar:

Vertical Playground AS, eller vpg.no, har verkeleg markert seg som ei verksemd til stor glede for alle dei som er glade i bratt friluftsliv. Dei leverer også klatreutstyr o.l. til industriføremål.

Vertical Playground AS held til på Oppdal, men i tillegg til butikken der er dei store på sal via nettbutikk.

Breitt utval, god service og rask levering er noko av det som kjenneteiknar "Norges beste butikk for bratt friluftsliv!"

I 2012 kåra magasinet Fri Flyt, Vertical Playground AS, til Årets sportsbutikk!

Meir om kåringa til Fri Flyt her.

Her er nokon av dei aktivitetane vpg.no har spesialisert seg på å levere utstyr til:

- Frikjøring
- Topptur
- Jibbing
- Klatring
- Fjellferdsel
- Elvepadling
- Stisykling og freeride

Besøk den flotte nettbutikken til vpg.no og bli overtydd om at dei faktisk held ord!

Sjølvsagt er vpg.no også på facebook og dermed kan du halde deg oppdatert på det siste nye også på den måten!

Her finn du butikken!

Vi legg ikkje skjul på at vi er særs glade for at vpg.no ynskjer å inngå nærare samarbeid med Stordalshallen og ynskjer verksemda med dette velkomen med på laget!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove